Skriftlig spørsmål fra Kathy Lie (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1049 (2022-2023)
Innlevert: 17.01.2023
Sendt: 18.01.2023
Besvart: 27.01.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kathy Lie (SV)

Spørsmål

Kathy Lie (SV): Regjeringen har varslet at de er åpne for å vurdere et forbud mot variabelavtaler. Variabelavtaler er i gjennomsnitt dyrere enn andre strømavtaler og er ofte kompliserte og vanskelige å forstå for forbrukerne. I kontrast til innretningen og prisen på variabelavtalene, har de ofte forlokkende navn som «Trygg» «Stabil» og «Forutsigbar». Forbrukerrådet har i lang tid advart mot avtaleformen.
Hva vil statsråden foreta seg for å sikre at strømsalgsselskapene avvikler variabelavtaler?

Begrunnelse

Flere strømsalgsselskap har etter Regjeringens utspill om at et forbud kan bli aktuelt, sagt at de slutter å selge variabelavtaler. Det kan umiddelbart fremstå som avtalene dermed forsvinner. Det er ikke tilfelle. Avtalene fortsetter som aktive avtaler hos mange strømsalgsselskap. Dermed betaler fortsatt svært mange forbrukere langt mer for strømmen enn nødvendig. Mens snittprisene på strøm i januar for Sør-Øst Norge hittil har vært i overkant av 1 krone per kWh, har strømkunder med variabelavtale betalt opp mot 5 kroner per kWh.
Per tredje kvartal 2022 hadde om lag 15 prosent av norske husholdningskunder en variabelavtale. Det tilsvarer flere hundre tusen forbrukerkunder. Med lavere snittpriser på strøm, vil heller ikke den statlige strømstøtten bidra til å redusere strømutgiftene nevneverdig for de med variabelavtale.
I sin kvartalspresentasjon for tredje kvartal 2022 oppga selskapet Elmera, som eier flere strømsalgsselskap, at blant annet gode marginer på variabelavtaler bidro til å styrke deres resultat. I samme periode har variabelavtaler bidratt til å redusere husholdningenes økonomiske trygghet. Dette understreker behovet for å beskytte forbrukerne bedre og at Regjeringen så raskt som mulig bør vurdere variabelkontraktenes fremtid.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som forbrukarminister er eg oppteken av at det finst gode forbrukarrettar og at forbrukarane er verna mot urimeleg marknadsføring og urimelege straumavtalar. Regjeringa har vedteke ei rekkje tiltak for å bidra til ein meir forbrukarvenleg marknad for straum.
Mellom anna har eg saman med olje- og energiministeren fastsett endringar i prisopplysningsforskrifta og avrekningsforskrifta. Eg har der stramma til krava til opplysningar om pris, varigheit og avtaletype og innført ei plikt til å vise til straumprisportalen (Strømpris.no) i all marknadsføring som inneheld kjøpsoppfordringar. I tillegg har eg dobla varslingstida for endring av pris eller avtalevilkår, slik at forbrukarane får betre tid til å områ seg. Reglane tok til å gjelde 1. november 2022. Føremålet med dei nye reglane er å gjere det enklare å forstå si eiga straumrekning, samanlikne eigen avtale med andre og sikre at forbrukaren får relevant informasjon.
Innstrammingane vil kunne avgrense tilbodet av «standard variabel» avtalane ved at prisintervalla i desse avtalene er forlenga frå 14 til 30 dagar. Varslingane blir òg meir synlege, sidan forbrukarane skal bli varsla på SMS. I følgje Forbrukarrådet har talet på straumselskap som tilbyr slike avtalar blitt redusert frå om lag 53 for eit år sidan, til om lag 15 i januar i år. Det meiner eg er bra.
Reguleringsmyndigheten for Energi (RME) handhevar reglane om straumfaktura, og Forbrukartilsynet rettleiar næringa og fører tilsyn med reglane om marknadsføring, prisopplysningar og avtalevilkår. Handhevingsorgana har eit godt samarbeid og er svært aktive i straummarknaden og i tilsynet med dei nye regelendringane. I følgje Forbrukartilsynet skjer det framleis mange regelbrot og bransjen har ikkje innarbeida krava frå november. Det er kritikkverdig og viser at tilsynet må intensiverast. Forbrukartilsynet har varsla at dei vil gjennomføre ein tilsynsaksjon etter dei nye reglane i mars 2023. Departementa har gitt dei to tilsyna i oppdrag å vurdere om det er behov for nye sanksjonsmoglegheiter. I tillegg kjem det snart eit nytt felleseuropeisk regelverk som gir Forbrukartilsynet endå sterkare sanksjonsmoglegheiter.
Eg meiner at dei nye forskriftsendringane i kombinasjon med aktiv handheving, sanksjonering og rettleiing er viktige tiltak for å betre problema vi har sett knytt til marknadsføring av straum og sal av straumavtaler. Likevel meiner eg at det trengs ytterlegare reguleringar av marknaden for å ivareta forbrukarane sine interesser.
Den 26. januar inviterte eg og olje- og energiministeren straumbransjen, tilsyna og Forbrukarrådet til eit møte kor vi utfordra bransjen på kva dei vil gjera for å rydde opp i kritikkverdig praksis. I møtet var vi tydeleg på at tilstanden for forbrukarane har vore uakseptabel og kom med klare krav til bransjen om å tilby ei enkel og samanliknbar spotprisavtale til forbrukarane. I tillegg uttrykte vi ei klar forventning om at bransjen styrkar Elklagenemnda slik at ventetida i klagehandsamingsorganet går ned. Dette fortalte bransjen at dei no er i gong med.
I møtet med bransjen varsla vi òg at regjeringa no vil greie ut ytterlegare tiltak i forbrukarmarknaden for straum, mellom anna forbod mot enkelte avtaletypar – til dømes «standard variabel»-avtalane, regulering av maksimalt påslag, pålegg om å opplyse om eventuell risiko knytt til avtalar og tiltak retta mot koblingssal av straum med andre produkt.
Regjeringa tek forbrukarutfordringane i straummarknaden svært alvorleg og er tydelege på våre krav og forventningar til ein bransje som sel ei vare vi alle er avhengig av.