Skriftlig spørsmål fra Kathy Lie (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1076 (2022-2023)
Innlevert: 19.01.2023
Sendt: 20.01.2023
Besvart: 27.01.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kathy Lie (SV)

Spørsmål

Kathy Lie (SV): I budsjettforliket fastslås det at ideelle aktører på barnevernsfeltet skal sikres langsiktige avtaler. Anbudsprosessen til Senter for familie og barn er igangsatt så sent at konkurransen ikke er avklart før avtalene med Bufdir har gått ut. Dette har store konsekvenser og sentrene risikerer tap i prosessen da de har utgifter som ikke dekkes i perioden.
Hvordan vil statsråden sikre aktørene mot tap eller nedleggelse i påvente av anbudskonkurranse, og vil statsråden vurdere kompensasjonsmuligheter for tap?

Begrunnelse

Senter for familie og barn er et svært viktig tilbud i barnevernet. De bidrar med kartlegging og foreldreveiledning i tidlig fase i barns liv. Det er fem ideelle aktører som har senter for familie og barn. Fire av dem har hatt avtaler med Bufdir som gikk ut 31.12.2022. I disse avtalene ble senterne kompensert for alle plasser uavhengig av dekning. Dette har bidratt til å sikre gode fagmiljøer med godt kvalifiserte ansatte og ikke minst trygge arbeidsplasser for de ansatte. Det er et ønske at man legger til rette for langvarige og forutsigbare avtaler med ideelle aktører på barnevernsfeltet. Nå har Bufdir gitt beskjed om at de ikke dekker udekkede plasser mens anbudsprosessen løper. Det betyr at flere av senterne får store økonomiske underskudd i flere måneder da de har utgifter til høyt kvalifiserte ansatte, leie av lokaler med videre. De kan ikke si opp ansatte for så å rekruttere på nytt hvis og om de inngår ny avtale med Bufdir i mars. Forsinkelsen på selve anbudsprosessen kan ha flere årsaker, men det bør ikke gå ut over ideelle leverandører på en slik måte at man risikerer nedleggelser som konsekvens.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Representanten viser til at avtalane mellom Bufdir og fire sentre for foreldre og barn gjekk ut 31.12.2022 og at nye avtaler ikkje er ferdig forhandla. Vidare at Bufdir i perioden fram til nye avtaler trer i kraft, ikkje betaler for plassar som ikkje blir nytta. Representanten viser til at sentera har driftskostnader som ikkje kan reduserast på kort sikt.
Regjeringa har mål om å sikre dei ideelle leverandørane langsiktige avtalar i barnevernet. I 2022 inngjekk Bufdir nye avtalar utan tidsavgrensing med ideelle leverandørar av institusjonstenestar. I denne konkurransen for sentra for foreldre og barn legger Bufdir opp til avtalar på to år med opsjon på inntil to år (1 +1 år) som er lengre enn tidlegare.
I samband med at barnevernsreforma vart vedtatt av Stortinget i 2017 vart det lovfesta at Bufetat kan tilby spesialiserte utgreiingar av familiar med barn i alderen 0-6 år i tilfelle der det er stor uvisse knytt til omsorgssituasjonen til barna. Bufetat kan òg tilby hjelpetiltak i etterkant av utgreiinga, når det er nødvendig for at barnet skal få forsvarleg hjelp. Endringane har ført til ei fagleg omlegging i senterane. Alle dei ideelle sentera fekk opplæring i det nye faglege innhaldet og forløp for utgreiing i veke 41 og 42 i 2022.
På grunn av omlegginga har Bufdir måtte gjere avklaringar både med Bufetats regionar og departementet, mellom anna om behov og den faglege innretninga (m.a. opningstider i sentera og kontraktslengde). På bakgrunn av omlegginga av det faglege tilbodet i sentera og eit ønske om å halda ope plassar i dei ideelle sentera, ga eg 17. november 2022 Bufdir instruksjon om å inngå rammeavtalar med dei ideelle sentera for 2023 innanfor tilsvarande økonomiske ramme som i 2022. Instruksjonen blei gitt på tross av at det dei siste åra har vore relativ låg kapasitetsutnytting i både statlege og private senter. Låg kapasitetsutnytting kan komma av fleire grunnar, mellom anna forhald som er knytt til covid-19 pandemien eller at tilbodet ikkje er tilstrekkeleg kjent i kommunane. I tildelingsbrev for 2023 er Bufdir derfor gitt i oppdrag å gjere det nye tilbodet betre kjent for kommunane. Dette kan saman med føresegnene som følgjer av ny barnevernslov, føre til auka etterspurnad frå kommunane.
Bufdir inngjekk rammeavtalar med fire ideelle senter i 2020. Avtalane varte i eit år, med opsjon på inntil to år (1 +1 år). Da avtalane gjekk ut 31.12.22 var full opsjon teke ut. Bufdir må følgje anskaffelsesregelverket ved kjøp av plassar i senter for foreldre og barn. Det vil vere strid med anskaffelsesregelverket å gjennomføre direkte innkjøp av plassar i senter for foreldre og barn utan anbodskonkurranse. Avtaleforlengingar er av Kofa vurdert som «nye» kontraktar, og Bufdir må derfor gjennomføre anbodskonkurranse. Fram til det er inngått nye avtalar må derfor kjøp frå ideelle aktørar gjerast som enkeltkjøp, og pris og teneste må avtales i det enkelte tilfellet. Bufetats kjøp av plassar vil i denne perioden vere styrt av kommunanes etterspurnad etter tiltaket. Avtalar om plassering som er gjort før 31.12.2022 gjeld også etter utløpet av rammeavtalen. Bufetat har per 23. januar i år totalt seks familiar i dei fire ideelle sentera dei har hatt rammeavtale med. Bufdir planlegg å gjennomføre forhandlingar med aktuelle leverandørar i februar. Gitt utfallet av forhandlingane og eventuelt reviderte tilbod kan nye avtalar ventast å bli inngått i byrjinga av mars.
Anbodskonkurransen vart kunngjord på Doffin og Ted 30. november 2022, med tilbodsfrist 5. januar. Etter førespurnad frå tilbydarane vart fristen utsett til 16. januar 2023. Med utgangspunkt i tilbodsfristen har det vore kjent for tilbydarane omtrentleg når avtalane kan inngåast. Tilbydarane har derfor hatt høve til å ta omsyn til dette i tilboda sine og i dei vidare forhandlingane med Bufdir.