Alfred Jens Bjørlo (V): Kva er statsråden sin plan for å sikre at antallet spesialiserte rehabiliteringsplassar i Helse Møre og Romsdal ikkje blir redusert, og korleis vil statsråden sikre at spesialkompetansen blir bevart innan rehabiliteringsfeltet?
Begrunnelse
Spesialisthelsetenesta skal sørge for målretta spesialisert habilitering og rehabilitering. Det er viktig at det er slike tilbod godt spreidd i heile landet. Rehabilitering i kommunen og den som skal skje i spesialisthelsetenesta må utfylle kvarandre. Den spesialiserte rehabiliteringa må oppretthaldast samtidig som det eksisterande rehabiliteringstilbodet vert vidareutvikla. Behovet for rehabilitering på alle nivå er aukande. Det er både rett for den enkelte og god samfunnsnytte at folk klarer å handtere sine helseutfordringar på best mogleg måte.
Underteikna er gjort kjent med at Mork Rehabiliteringssenter med 18 plassar er foreslått lagt ned. 10 av desse plassane vert foreslått flytta til Ålesund. Ytterlegare plassar er det dårlege løysingar for, eller dei blir lagt ned i si heilheit.
Det tek lang tid å bygge opp gode fagmiljø. Rehabiliteringa som Mork tilbyr, krev ei kompetanse som det ikkje er mogleg for kommunene å erstatte. I tillegg vil truleg fleirtalet av dei tilsette ikkje bli verande i jobbar i helseforetaket etter nedlegginga, slik at verdifull kompetanse går tapt.
Kommunane har ikkje blitt involvert i denne prosessen. Heller ikkje dei tilsette føler seg involvert i prosessen rundt sin eigen arbeidsplass. Dette er det motsatte av det eg har høyrt statsråden snakke om. Sist i Sykehustalen der viktigheita av pasientar og pårørande si moglegheit for medverknad blei understreka, samt at det er nødvendig å samarbeide godt med kommunane.