Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1109 (2022-2023)
Innlevert: 23.01.2023
Sendt: 24.01.2023
Besvart: 30.01.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Når vil statsråden følge opp Reisegarantiutvalgets rapport med konkrete tiltak?

Begrunnelse

Reisegarantiutvalget ble oppnevnt av Barne- og familiedepartementet 12. mars 2021 for å vurdere det norske reisegarantisystemet i pakkereiseloven og pakkereiseforskriften. Utvalget overleverte sin rapport til Barne- og familiedepartementet den 9. november 2021. Den 29. mars 2022 ble rapporten sendt på høring. Statsråden har ennå ikke konkludert eller lagt frem forslag til oppfølging.
Reisebransjen, folk som hadde bestilt eller ønsket å bestille reiser, og resten av samfunnet har opplevd store omveltninger de siste par årene. Koronapandemien har snudd mye på hodet, og mange har måttet endre sine planer og forventninger til fremtidige planer. Presset på reisegarantifondet har skutt i været. Dette har medført en vesentlig lengre behandlingstid i fondet, med ytterligere problemer for bransjen og folk flest.
Det synes å være en bred enighet, både i rapporten og høringssvarene, om hvilke hovedgrep som bør gjøres. Det er derfor lite grunn til å forhale fremleggelsen av tiltak.
Mens statsråden ser tiden an, opplever aktører i bransjen at det er vanskelig å få svar på henvendelser både til Reisegarantifondet og til Departementet. Det vises her til korrespondanse mellom Up Norway og Barne- og familiedepartementet. Der makter ikke departementet å svare mer enn at de «er i gang med å følge opp rapporten» uten å gi svar på konkrete spørsmål. For bransjen og deres kunder medfører dette usikkerhet, og i realiteten unødvendige kostnader.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Pakkereisearrangørar må stille reisegaranti. Garantien skal dekkje tilbakebetaling av alle betalingar som er gjort for pakkereiser som ikkje blir leverte som ei følgje av insolvensen hos arrangøren. Desse krava står i artikkel 17 i pakkereisedirektivet til EU, som òg gjeld for EFTA-landa. Korleis det nasjonale systemet for reisegaranti skal vere, er det opp til statane sjølve å avgjere. I Noreg har vi eit system med individuell garanti nedfelt i pakkereiselova. Reisegarantiordninga er basert på at kvar arrangør stiller garanti som dekkjer omsetninga. Det er Reisegarantifondet som bereknar storleiken på garantien, basert på opplysingar frå arrangøren om rekneskap og forventa omsetnad for neste år. Går arrangøren konkurs, har dei reisande rett til å få dei innbetalte forskotta sine tilbake frå den stilte garantien. Strekk ikkje den stilte garantien til for å dekkje krava, må Reisegarantifondet dekke skilnaden.
Reisegarantiutvalet fekk i oppdrag å vurdere om systemet kunne bli betre og billegare for arrangørane, utan at tryggleiken til dei reisande blei råka. Det gjekk fram av mandatet til utvalet at reisegarantiordninga ikkje skulle krevje statleg finansiering.
Utvalet skisserte åtte alternative måtar å finansiere reisegarantiordninga på, og gjorde mest greie for to av alternativa: ein var ei forbetring av dagens individuelle ordning (modell 1), den andre var ei ordning med halvering av dei individuelle garantiane, kombinert med eit kollektivt fond (modell 3). Etter føresetnadene til utvalet, vil eit kollektivt fond på om lag 350 mill. kroner vere fullt opparbeida etter sju år ved at arrangørane betalar eit bidrag til fondet for kvar selde reise. Når fondet er fullt opparbeida, kan den individuelle garantien halverast. Utvalet tilrådde modell 3, men meinte at modellen gjer noko lågare tryggleik for dei reisande.
Når det gjeld administrasjon av ordninga, meinte utvalet at dagens organisering i store trekk fungerer godt, og hadde ikkje konkrete tilrådingar til korleis denne burde bli endra. Utvalet tilrådde å ikkje endre organiseringa av reisegarantiordninga på kort sikt, samstundes med endring av systemet for reisegaranti.
Rapporten har vore på fem månaders høyring. Berre elleve høyringsinstansar hadde kommentarar til forslaga. Fleirtalet, Advokatforeningen, Forbrukerrådet, Hurtigruten group, NHO Luftfart, NHO Reiseliv, Norges Rederiforbund, Norsk Reiseliv og Virke støtta forslaget om etableringa av eit kollektivt fond (modell 3). Mange av desse instansane er opptekne av at ordninga ikkje må påføre aktørane økte kostnader fram til fondet er bygd opp. Dei ynsker difor at staten stiller opp med eit lån lik eit fullt opparbeida fond, slik at arrangørane kan få minska kostnader til individuell garanti frå dag ein. Mange viser til ordninga i Tyskland, der staten har finansiert fondet ved eit lån til arrangørane. Fleire viser til at sjølve innkrevjinga og administrasjonen av bidraget til fondet vil føre med seg kostnader for arrangørane.
Color Line og Reisegarantifondet støttar ei vidareføring av dagens ordning (modell 1) med berre individuell garanti. Color Line viser til at ordninga i dag fungerer og er utvikla og forbetra over tid. Reisegarantifondet meiner ei ordning med halvering av individuelle garantiar og eit kollektivt fond vil svekke tryggleiken for dei reisande dersom konkursar tømmer fondet.
Regjeringa vurderer no korleis rapporten skal følgjast opp vidare. Utvalsrapporten gjev eit godt grunnlag for forbetringar av dagens reisegarantiordning, samtidig som utvalet i rapporten òg har peikt på fleire problemstillingar som må sjåast nærare på. I høyringa blei det òg reist ei rekkje spørsmål som syner at det er naudsynt med meir utgreiing. Eg vil òg trekke fram at EU-kommisjonen held på med revisjon av pakkereisedirektivet, og eit framlegg er venta 31. mai 2023. Deler av arbeidet med å følgje opp rapporten til utvalet bør sjåast i samanheng med forslaga som er venta frå EU.
Når det gjeld tida til sakshandsaming hos Reisegarantifondet, så er det tatt grep for å styrkje kapasiteten. Drifta til Reisegarantifondet er finansiert gjennom årsgebyr frå arrangørane. Pandemien førte med seg særs mange søknader for Reisegarantifondet, som førte til at tida til sakshandsaming auka. Pandemien er no bak oss. Departementet har likevel nyleg ved forskrift auka årsgebyra som arrangørane skal betale, for å bidra til å styrkje driftskapasiteten hos Reisegarantifondet.