Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1144 (2022-2023)
Innlevert: 25.01.2023
Sendt: 26.01.2023
Besvart: 02.02.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Hvordan er Forbrukertilsynets veiledningsplikt etter åpenhetsloven fulgt opp i praksis?

Begrunnelse

Da vi i familie- og kulturkomiteen behandlet lovforslaget våren 2021, ble det lagt stor vekt på behovet for veiledning mv. til virksomhetene som skal etterleve loven. Loven går nettopp ut på at Forbrukertilsynet skal veilede, og Solberg-regjeringen satte av 10 mill. kroner til Forbrukertilsynet blant annet til dette formålet i 2022.
Bakgrunnen for merknadene i innstillingen var blant annet lovproposisjonens utdyping av den veiledningen Forbrukertilsynet skal gi.
Departementet skrev at det vil

"være en del av veilednings- og tilsynsorganets oppgave å utarbeide en oversikt over relevante rettslige instrumenter og materielle bestemmelser som omfattes av "grunnleggende menneskerettigheter"".

Veiledningsplikten ble også beskrevet slik at:

"Forbrukertilsynet blant annet skal avholde kurs om pliktene i loven, utarbeide veiledningsmateriell som eksempelvis konkretiserer menneskerettighetene som lovens plikter omfatter, og gi virksomhetene nærmere bistand med hvordan de skal gå frem for å oppfylle lovens krav."

Videre skrev departementet at

"det bør utarbeides og publiseres skriftlig materiell og det bør holdes kurs både generelt og innenfor ulike bransjer og målgrupper. I tillegg bør det gis direkte veiledning til de virksomhetene og aktørene som gis plikter eller rettigheter etter regelverket. Denne veiledningen bør ha sitt utgangspunkt i lovverket og eksisterende veiledere på området, særlig OECD sine veiledere. Veiledere bør utarbeides i dialog med virksomhetene som pålegges plikter etter regelverket og deres representanter".

Åpenhetsloven har nå gjeldt i syv måneder, og i løpet av første halvår 2023 skal virksomhetene utarbeide offentlige redegjørelser for første gang. Det er derfor viktig at veiledningen bidrar til at virksomhetene er best mulig rustet til å rapportere.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Openheitslova tok til å gjelde 1. juli 2022. Lova skal styrkje verksemder sitt arbeid med å vareta grunnleggjande menneskerettar og arbeidstakarrettar i produksjonen av varer og tenester. Openheitslova er eit av dei mest offensive regelverka som finst globalt på dette feltet. Lova krev at næringsdrivande aktivt arbeider for å kartleggje og identifisere risikoen for negativ påverknad på grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve, og set i verk tiltak for å redusere, forhindre eller stanse dei. Ein avgjerande faktor for at næringsdrivande skal lukkast med arbeidet er at dei har kjennskap til kva lova krev, forstår korleis dei kan gjere gode aktsemdsvurderingar, og veit korleis dei skal gi god og dekkjande informasjon.
Forbrukartilsynet har fått den viktige oppgåva med å føre tilsyn med openheitslova og rettleie næringsdrivande. Tilsynet har etablert ein ny seksjon for dette, og har i tråd med tildelingsbrevet for 2022, prioritert å rettleie om pliktene dei næringsdrivande har etter lova.
Forbrukartilsynet har oppretta ei eiga temaside på nettsida si om openheitslova. Her finst det informasjon om kven som er omfatta av lova og utfyllande opplysningar om pliktene. Det finst opplysningar om korleis krav om informasjon kan setjast fram, og om korleis verksemdene skal handsame slike krav. Det finst òg opplysningar om plikta til å utføre aktsemdsvurderingar etter lova, med mellom anna ei oversikt over relevante internasjonale kjelder og rettleiarar til OECDs retningsliner for fleirnasjonale selskap. Desse er sentrale for openheitslova. Tilsynet har òg gjort tilgjengeleg indeksar og rapportar til hjelp i arbeidet med å kartleggje risikoar for negativ påverknad på menneskerettar og anstendig arbeidstilhøve. Vidare har dei laga ei oversikt over ofte stilte spørsmål, med svara til tilsynet. Forbrukartilsynet utvidar og oppdaterer rettleiinga på nettsida fortløpande. Eg er informert om at meir rettleiing vil bli publisert i løpet av kort tid. Tilsynet legg mellom anna opp til å leggje ut meir utfyllande opplysningar om plikta verksemdene har til å gjere greie for aktsemdvurderingane sine.
Forbrukartilsynet rettleier svært mange verksemder om konkrete spørsmål på telefon, e-post, og gjennom møte med enkeltverksemder. For å forstå utfordringane som dei næringsdrivande møter, og målrette den digitale rettleiinga best mogleg, er det viktig at Forbrukartilsynet har tett dialog med verksemdene. Forbrukartilsynet er derfor opptekne av å møte næringsdrivande. Tilsynet er òg opptekne av å samarbeide med andre kompetansemiljø på feltet for både å sikre at næringsdrivande får den beste bistanden og byggje opp eigen kompetanse.
Forbrukartilsynet har ved omlag 30 høve halde foredrag eller delteke i debattar der pliktene etter lova og framgangsmåten for verksemdene har vore tema. I november 2022 arrangerte tilsynet kurs for verksemder som ønskte praktisk og grunnleggjande innføring i pliktene etter lova. Her blei òg kompetansemiljøa Noregs institusjon for menneskerettar og Noregs OECD-kontaktpunkt for ansvarleg næringsliv involvert. Forbrukartilsynet arrangerte dessutan «Åpenhetskonferansen» om openheitslova den 7. desember 2022. Representantar frå over 50 bransjar og 100 verksemder deltok.
Eg meiner Forbrukartilsynet arbeider godt med å rettleie verksemdene og vidareutvikle den digitale rettleiinga. Dette arbeidet må førast vidare. Barne- og familiedepartementet har derfor i tildelingsbrevet til Forbrukartilsynet for 2023 framheva at rettleiing med openheitslova framleis skal stå sentralt. Departementet har i tillegg tett fagleg kontakt med tilsynet om korleis dei arbeider med lova og kva spørsmål dei får frå næringsdrivande. Nødvendig finansiering av Forbrukartilsynet er viktig for at dei skal kunne prioritere arbeidet med openheitslova. Eg registrerer at Høgre i sitt alternative statsbudsjett for 2023 foreslo 2,5 mill.kr i kutt i midlar til Forbrukartilsynet , i tillegg til 0,5 prosent generelt kutt i driftsmidlane gjennom den såkalla «avbyråkratiserings -og effektiviseringsreformen».
Til slutt vil eg understreke viktigheita av eit godt samspel mellom det offentlege, verksemdene, sivilsamfunn, fagforbunda og andre, for at næringsdrivande skal lukkast med arbeidet. Eg er oppteken av at næringslivet er opne om utfordringane dei møter, at sivilsamfunnet og fagforbunda deler sine kunnskapar og erfaringar, og at det offentlege gir den bistanden det er behov for.