Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1172 (2022-2023)
Innlevert: 27.01.2023
Sendt: 30.01.2023
Besvart: 06.02.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): I Flatanger er endel av innbyggerne av og til uten mulighet til å ringe ut på telefon eller kommunisere med omverdenen på andre måter. Ofte pga. strømutfall til mobilmastene. Det er uforsvarlig. Nasjonal Kommunikasjonsmyndighet opplyser at Flatanger ikke kvalifiserer til å bli en kommune som kommer inn under tiltaket "Forsterket Ekom".
Hvor mange kommuner er i en tilsvarende situasjon som Flatanger, og hva vil statsråden gjøre for at alle innbyggere i landet får god nok beredskap og mulighet til å kommunisere med omverdenen?

Begrunnelse

Flatanger kommune sendte 4.11.2022 brev til Kommunalministeren som beskrev den alvorlige situasjonen i kommunen. I svaret fra departementet står det at det er et langsiktig mål å etablere et forsterket ekom i alle landets kommuner. Men det er ikke satt noe mål for når dette skal være gjort.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Meir ekstremvêr, eit endra trusselbilete og auka avhengnad til digital kommunikasjon, gjer at det er behov for å styrke beredskapsevna og auke motstandsdyktigheita i mobil- og breibandnetta. Eg kan forsikre om at sikkerheit og beredskap har høg prioritet både hos myndigheiter og hos teleselskapa. Ekomnett og -tenester i Noreg er gode og har høg oppetid. Som kjent gjennomfører Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) programmet «forsterka ekom», der beredskapen for mobilnetta i eit område i utvalde kommunar blir styrka, mellom anna med tre døgns reservestraum og fleire digital føringsvegar for alle dei tre landsdekkande mobilnetta i Noreg, til Ice, Telenor og Telia. Nkom har etablert ei eiga styringsgruppe for programmet for forsterka ekom. Styringsgruppa anbefaler hvilke kommunar som skal få etablert forsterka ekom. I tillegg til representantar frå Nkom, sit representantar frå tilbydarar med eige mobilnett, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Nødnett i styringsgruppa. Arbeidet med forsterka ekom fylgjer ei klar prioriteringsrekkefølge, basert på nokre faste kriterium:

- tal på registrerte bortfall av elektronisk kommunikasjon; eksempelvis bortfall av mobildekning
- identifisert sårbar kraft-infrastruktur
- vêr- og isolasjonutsette kommunesenter

Basert på arbeidet i styringsgruppa, er Nkom sin plan at det blir bygd ut forsterke ekom i 11 nye kommunar innanfor løyvinga på kap. 543, post 70 i 2023. Av desse ligg ni kommunar i Trøndelag Sør-Vest og to kommunar i Troms. Avgjerda er mellom anna fatta på bakgrunn av utfallsstatistikkar registrert hos Nkom og hos tilbydarane.
Sidan programmet starta i 2014, er det løyvd midlar til forsterka ekom i over 90 kommunar. Dette er eit viktig tiltak som aukar beredskapen for lokal kriseleiing og befolkninga, og regjeringa satsar altså vidare på dette i statsbudsjettet for 2023.
Det langsiktige målet er å etablere eit slikt område med forsterka mobilkommunikasjon i alle kommunane i landet, jf. Prop. 1 S (2022-2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet. Flatanger kommune er ein isolasjonsutsett kommune som kvalifiserer til å bli ein kommune som kjem relativt tidlig inn under forsterket ekom-programmet. Tidspunktet for når kommunen kjem inn under programmet vil vere ei prioritetsvurdering sett opp mot andre isolasjonsutsette kommunar og synergieffektar ved områdevis utbygging av forsterket ekom. Første moglegheit for ei slik prioritetsvurdering vil vere når utbyggingsprogrammet for 2024 blir fastsett.