Skriftlig spørsmål fra Mímir Kristjánsson (R) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1201 (2022-2023)
Innlevert: 31.01.2023
Sendt: 31.01.2023
Besvart: 07.02.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Mímir Kristjánsson (R)

Spørsmål

Mímir Kristjánsson (R): Er statsråden sikker på at norske partiers finansiering er i tråd med Valglovens bestemmelse om at det er ulovlig for partier å motta støtte fra utenlandske givere, eller ser han at det kan være behov for strengere kontroll eller endringer i lovverket for å begrense pengesterke utenlandske aktørers mulighet til å påvirke det norske demokratiet?

Begrunnelse

Dagens Næringsliv viser i en artikkel 27. januar at 40 prosent av partifinansieringen i 2021 til et stort norsk stortingsparti kom fra personer og selskaper med koblinger til Sveits, USA og Monaco.
Valglovens § 17 presiserer at det er ulovlig for et parti å motta bidrag fra «utenlandske givere, det vil si privatpersoner som ikke er norske statsborgere eller som ikke oppfyller vilkårene for å ha stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsvalg, jf. valgloven § 2-2, eller juridiske personer som er registrert i utlandet.»

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Føresegnene om forbod i partiloven §17 a, som representanten viser til, byggjer på artikkel 7 i Rekommandasjonen 2003/4 frå Europarådet. Artikkelen handlar om felles føresegner mot korrupsjon i finansieringa av politiske parti og valkampanjar.
I artikkel 7 står det:

«Gåver frå utanlandske givarar
Statane bør særleg sette grense for, forby eller på anna måte regulere gåver frå utanlandske givarar.»

Noreg har sidan 2006 gjennomført tilrådinga frå Ministerkomitéen i Europarådet fullt ut, ved å forby norske parti å ta imot gåver frå utanlandske givarar. Føremålet med forbodet er å motverke at den nasjonale suvereniteten blir svekka, og å redusere uoversiktlege transaksjonar på tvers av landegrensene.
Eg viser til at tilsynet og kontrollen med etterlevinga av føresegnene om finansiering av politiske parti, er lagt til Partilovnemnda, jf. partilova § 24. Nemnda er eit uavhengig forvaltingsorgan. Kongen og departementet kan etter lova ikkje gje instruks, eller gjere om Partilovnemnda sitt vedtak i enkelttilfelle. Nemnda har vide kontrollfullmaktar og kan ta i bruk administrative sanksjonar, for eksempel å trekkje inn ulovlege bidrag.
Gjennom dei årlege rapportane frå Partilovnemnda og oppslag i media, har eg notert meg at nemnda er opptatt av å føre streng kontroll med at føresegnene om dette forbodet i partilova blir følgt.
Eg kan difor ikkje sjå at det er naudsynt å innføre strengare kontroll eller endringar i partilova på dette punktet.