Birgit Oline Kjerstad (SV): Meiner statsråden etter at høyringa av KU for utvinning av havbotnmineraler er ute, at kunnskapsgrunnlaget er godt nok for å opne for leiting og utvinning av havbotnmineraler?
Begrunnelse
Høyringsfristen for KU for konsekvensutredning - undersøkelse og utvinning av havbunnsmineraler på norsk kontinentalsokkel er ute, og det har kome inn ei rekke høyringssvar frå tunge faginstitusjonar som er kritiske til om konskvensutgreiinga er god nok til å fatte vedtak på grunnlag av. Miljødirektoratet seier det rett ut at dei meiner konsekvensutgreiinga ikkje oppfyller krava i havbunnsminerallove § 2-2. NGU kritiserer konsekvensutgreiinga for å vere ubalansert og for lite faktabasert og Polarinstituttet peiker på store kunnskapsmanglar, grunndata status og tilstand for økosystem og artar, ukjent kunnskap om samla virkning , og anbefaler ei føre var tilnærming i tråd med Havpanelet sin uavhengige rapport tilrådde i 2020.