Alfred Jens Bjørlo (V): Vil statsråden følgje opp sitt sterke engasjement i media for prisen på smør ved faktisk å gå inn i saka systematisk og kunnskapsbasert, og snarast ta initiativ til ei marginstudie på smør?
Begrunnelse
Matprisane i Noreg stig. Landbruksministeren har ved fleire høve vore særskilt opptatt av prisauke på smør, m a i intervju med Nettavisen 12/1 og med NTB 13/1. I følgje statsråden lar prisauken i butikkane seg ikkje forklare.
Kjedene sin versjon av saka er at smør er eit produkt som i periodar har vore seld med betydeleg tap, og som det typisk er tøff konkurranse på. Andre aktørar i matvare-kjeden har andre forklaringar.
Statsrådane Borch og Vestre har utfordra aktørane i daglegvarebransjen til ikkje å auke prisane meir enn absolutt nødvendig. Borch har vidare synt til at jordbruksoppgjeret har bidrege til å halde prisane nede. Vidare har statsrådane Vestre og Borch varsla ei undersøking av kva marginar dei ulike aktørane opererer med. Parallelt varslar regjeringa i regjeringserklæringa avvikling av dei konkurransefremjande tiltaka i meierisektoren, som i følgje Landbruksdirektoratet og Konkurransetilsynet vil gje mindre konkurranse og høgare prisar ut til forbrukar på meieriprodukt.