Skriftlig spørsmål fra Lene Westgaard-Halle (H) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1257 (2022-2023)
Innlevert: 06.02.2023
Sendt: 06.02.2023
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 16.02.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Lene Westgaard-Halle (H)

Spørsmål

Lene Westgaard-Halle (H): Hvordan sørger regjeringen for at norsk næringsliv unngår flaskehalser i innrapportering ved at allerede innrapporterte opplysninger til én offentlig virksomhet deles og gjenbrukes av andre offentlig virksomheter?

Begrunnelse

I Meldt. St. 27 (2015-2016) presenteres prinsippet om "kun én gang", at informasjon til forvaltningen kun leveres én gang. Å avvike fra dette skaper arbeid både i forvaltningen selv og blant bedriftene og innbyggerne som brukere av forvaltning. Derfor burde det være en viktig prioritering å forenkle innrapporteringen og automatisere datadelingen der det er mulig. Forekommer regulatoriske hindringer burde de også raskt avklares. Gevinstene ved forenklinger i innrapporteringen er spesiell verdifull for små- og mellomstore bedrifter.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: «Kun én gang» har vore ein sentral del av Noregs politikk for digitalisering av offentleg sektor sidan Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge. Realiseringa av «kun én gang» er ei stor oppgåve for offentleg sektor som føreset juridiske, organisatoriske og teknologiske tiltak.
«Kun én gang» prinsippet stiller i tillegg store krav til dokumentasjon av kva opplysningane som innhentes faktisk betyr.
Samstundes med at vi over fleire år har jobba med å redusere rapporteringsbyrda ser vi at også EU set fokus på problemstillinga. Digitaliseringsdirektoratet har fått i oppdrag å planleggja implementeringa av EUs forordning Single Digital Gateway i Noreg. Å avgrensa ytterlegare administrative byrder for borgarar og verksemder som vil utøva rettane sine på den indre marknaden, er eitt av tre formål for forordninga. Gitt at Stortinget vedtek at forordninga skal gjennomførast i Noreg vil dette bidra til at norsk næringsliv unngår flaskehalsar i innrapportering ved at allereie rapporterte opplysningar til éi offentleg verksemd i eit land blir delte og blir gjenbrukte av offentleg verksemder i andre land.
Etter lov om Oppgåveregisteret, lov 6. juni 1997 nr 35, har Brønnysunnregistrene etablert ei oversikt over opplysningar som næringsdrivande plikter å rapportera til statlege styresmakter. Alle statlege verksemder skal melda nye eller endra rapporteringsplikter til Oppgåveregisteret. Statlege verksemder skal så langt det er mogleg samarbeide om å spørja næringsdrivande berre ein gong.
Sjølv om «kun én gang» -prinsippet og oppgaveregisterloven slår fast at offentlege verksemder skal gjenbruke frå kvarandre for å unngå denne byrda, viser ferske tal frå Oppgåveregisteret at rapporteringsbyrda likevel aukar frå 917 oppgåveplikter i 2021 til 940 oppgåveplikter i 2022, m.a. gjennom innføringa av nye regelverk som åpenhetsloven.
Regjeringa har derfor løpande fokus på at nye rapporteringsplikter møtest med forenklingar slik at den totale byrda på dei små og mellomstore bedriftene ikkje aukar. Regjeringa har som mål å redusera kostnadene for næringslivet knytt til pålagde reglar og utfylling av offentlege skjema med 11 mrd. kroner innan 2025.
Det er satt i verk fleire tiltak for å nå målet og vil her kort orientere om nokre relevante satsningar:

- Digital Selskapsetablering, er eit forenklingstiltak som sørgjer for at heile prosessen med å etablera ei verksemd blir meir smidig og enklare. Opplysningar som blir gitt i fleire skjema og steig kan gjenbrukast.

- Brønnøysundregistera har vidare teke initiativ til å koordinera aktørar innan berekraftsområdet for at små og mellomstore verksemder ikkje opplever ei auka byrde i å dokumentera eiga berekraft og innhenta informasjon i eiga verdikjede – eit krav frå åpenhetsloven. Berekraftsrapportering for norsk næringsliv kan sjåast i samanheng med anna relevant rapportering for næringslivet, m.a. rekneskapsrapportering.

- Digitaliseringsrundskrivet er ei samanstilling av pålegg og tilrådingar om digitalisering i offentleg sektor. Rundskrivet gjeld for departementa, dei ordinære forvaltningsorgana til staten, forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter. Digitaliseringsrundskrivet stiller mellom anna krav om at:

• offentlege verksemder ikkje skal spørja brukarane på nytt om forhold dei allereie har oppgitt
• når data finst hos ei anna verksemd, skal data hentast derfrå, føresett at det ligg føre rettsleg grunnlag
• verksemda skal registrera datasett i ein felles datakatalog.

- Felles datakatalog vart lansert i 2017 som eit svar på ambisjonen om «kun én gang» og meir gjenbruk av offentlege data.. Føresetnadene for å lykkast med ei nasjonal oversikt, er at verksemdene har oversikt i eiga verksemd over eigne data, har dokumentert kva dei betyr, og at dei er i stand til å utveksla denne informasjonen i tråd med gjeldande standardar. Kommunal sektor, som er ein viktig aktør for å oppnå målet om «kun-en-gang», har ikkje eit tilsvarande krav.

- Digitaliseringsdirektoratet har etablert «Nasjonalt ressurssenter for deling og bruk av data» som eit eige tilbod til offentlege og private verksemder. Ressurssenteret har fokus på juridiske og organisatoriske utfordringar, og skal bidra til ein effektiv og brukarorientert offentleg sektor som utnyttar potensialet i data og datadeling.