Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren svare på om intensjonane til regjering var fyrst å gjere enkelte ferjestrekningar gratis, for så i neste omgang å kutte ned på ferjetilbodet på desse rutene?
Begrunnelse
Ferjedrifta vert berre dyrare og dyrare for fylkeskommunane, etter at drivstoff og straumprisane har auka kraftig. Regjeringa har ikkje kompensert fylkeskommunane for denne kraftige prisveksten, noko som førte til at til dømes Møre og Romsdal fylkeskommune måtte kutte kraftig i ferjedrifta i budsjettet for 2023.
Ferjestrekningar som har blitt "gratis" har opplevd at ferjetilbodet blir kutta med bakgrunn i den skakkøyrde politikken som regjeringa fører på området.