Ingrid Fiskaa (SV): Behovet for støtte til dei jordskjelvramma i Syria og Tyrkia er stort både på kort og lengre sikt.
Vil regjeringa (i) trappa opp norsk støtte, (ii) be tyrkiske styresmakter sørga for at aktuelle grenseovergangar til Syria haldast opne og at dei opnar fleire for humanitær hjelp og (iii) legga press på styresmaktene i Syria om å tillata hjelp på tvers av frontlinjene?
Begrunnelse
Jordskjelvet som ramma den sørvestlege delen av Tyrkia og den nordlege delen av Syria har fått fatale konsekvensar. Meir enn 17 000 menneske er rapportert døde, og tala er venta å stiga. Det rapporterast om manglande hjelp både i form av menneskelege ressursar, maskinar og mat, husly og varme. Spesielt ille er det nordvest i Syria der situasjonen i utgangspunktet var svært vanskeleg. 4,1 millionar som allereie var avhengig av naudhjelp står no på bar bakke.
Syriske styresmakter legg hindringar i vegen for effektiv humanitær transport inn frå regimekontrollerte område i sør, og i nord er grensa mot Tyrkia meir eller mindre stengt. I januar vart heldigvis FN-resolusjonen om grensekryssande bistand utvida med 6 månader. Etter jordskjelvet har også tyrkiske styresmakter opna eit anna kryssingspunkt. Men den humanitære tilgangen til dette jordskjelvramma området i Syria frå tyrkisk side er framleis svært avgrensa. Humanitære organisasjonar ber om hjelp til å sikra at den opne kanalen forblir open, om gjenopning av overgangane som var en del av Tryggingsrådets resolusjon i 2014, men som seinare har blitt stengt, og at det opnast tilgang frå regimekontrollerte område i Syria. I den tidlege fasen er det avgjerande at hjelp også vert kanalisert via lokale aktørar som har betre tilgang via kommersielle grenseovergangar og allereie er i gang med storstilt hjelpearbeid.