Alfred Jens Bjørlo (V): Vil det vere mulig med dei tekniske løysingane som finst hos nettselskapa å betale ut straumstøtte basert på historiske forbruksdata, til dømes eit gjennomsnitt av forbruket i åra 2019-2021?
Begrunnelse
Tyskland gir etter det eg er kjend med økonomisk støtte til både hushaldningar og næringsliv for høge energikostnader basert på historiske forbruksdata. Det gjeld for straum og gass, og muligens også andre energivarer. Årsaka til at Tyskland har vald å bruke historiske forbruksdata som grunnlag for utbetaling av støtte for høge energikostnader, er at støtta då ikkje reduserer insentiva for energisparing og energieffektivisering.
Noreg har ei kortsiktig utfordring med ei straumpriskrise, men vi har også meir langsiktige og fundamentale utfordringar i energiforsyninga ved at vi styrer mot kraftunderskot og effektunderskot mot slutten av 2020-talet. Effektunderskot betyr at vi er avhengige av import i dei strammaste timane, altså når høgt effektbehov inntreff i ein situasjon med låg tilgjengeleg effekt. Det vil kunne gi periodar med svært høge prisar på kraft.
Effektivisering i bygg gir også betydeleg nedgang i effektforbruk, ifølgje Statnett sin delrapport til Langsiktig Marknadsanalyse (LMA). Med 10 TWh reduksjon av det alminnelige forbruket, vil maksimalt effektbehov bli redusert med ca. 2 000 MW. Reduksjon i byggforbruk vil gi større nedgang i maksimalt effektforbruk enn tilsvarande nedgang i industrien, fordi alminneleg forbruk har ein forbruksprofil nært knytt til trongen for oppvarming, altså med høgast forbruk vinterstid då det maksimale effektforbruket er som høgast.
Med ei straumstøtte basert på historisk forbruk, vil vi kunne få ei straumstøtteordning som bidrar både til å avhjelpe den kortsiktige straumpriskrisa, og samtidig gi sterkare insentiv for å gjennomføre energitiltak. Eg vil understreke at det ved sidan av riktige prissignal etter Venstre sitt syn framleis trengs gode støtteordningar også for modne og velprøvde energitiltak etter nærare definerte kriterie. For nokre grupper må økonomisk støtte supplerast med gode låneordningar gjennom Husbanken.
Ved å basere ordninga på eit gjennomsnitt av forbruket i perioden 2019-2021, unngår ein at dei som reduserte forbruket kraftig i 2022 kjem ugunstig ut i ordninga. Ved å basere ordninga på gjennomsnittet av til dømes tre år, unngår ein at spesielle omstende i enkeltår i den eine eller andre retninga får stor innverknad på støttesatsen.