Alfred Jens Bjørlo (V): På kva måte skal utvalet som utgreiar erfaringane med EØS-avtalen og andre relevante avtaler med EU (EØS-samarbeidet) samt vurdere EØS-samarbeidet opp mot Storbritannia, Sveits og Canada sine avtalebaserte og meir avgrensa samarbeid med EU, vurdere betydinga av full tilgang til deltaking i EU sine forskingsprogram og EU si stadig meir omfattande satsing på utdanning, innovasjon og forsking som motor for framtidig velferd og verdiskapning, og verdien dette har for Noreg, norske utdannings- og forskingsmiljø og norsk næringsliv?
Begrunnelse
Våren 2022 sette regjeringa ned eit utval som skal vurdere røynslene med EØS-avtalen dei siste ti åra, og vurdere EØS-samarbeidet opp mot andre mulige tilknytingsformer slik som Storbritannia, Sveits og Canada sine avtalebaserte og langt meir avgrensa samarbeid.
I mandatet til utvalet er oppsiktsvekkande nok ikkje det særs viktige temaet utdanning, forsking og innovasjon eksplisitt nemnd. EU si satsing på store, langsiktige program innanfor utdanning, forsking og innovasjon, slik som Erasmus+, Horisont Europa og Kreativt Europa, blir stadig større. Horisont Europa er verdas største rammeprogram for forsking og utdanning. Noreg har gjennom EØS-avtalen høve til å delta i Horisont Europa-prosjekt på lik line med medlemsland i EU, medan verken Sveits eller Storbritannia har tilgang til desse i sitt avtalebaserte samarbeid med EU.
Tilgangen til Horisont Europa er etter Venstre sitt syn av heilt avgjerande betyding for norske forskingsinstitusjonar, universitet og næringsliv for å bygge sterke kompetansemiljø og tilrettelegge for framtidig konkurransekraft. For å oppfylle Noreg sine ambisjonar om grøn omstilling, som presentert blant annet i «Grønt industriløft» frå 2022, er forsking og teknologiutvikling viktige verkemiddel. Horisont Europa gir uvurderleg tilgang til finansiering av forsking og innovasjon, nye samarbeidspartnarar og nye marknader.
Finansminister Vedum sa i mai 2022 at «målet er å få en saklig og balansert utredning som forteller hva avtalen betyr i praksis». Samarbeid innan forskning og innovasjon må kunne seiast å vere EØS-samarbeidet «i praksis». EØS-utvalet skal også «gi råd om hvordan norske interesser best kan ivaretas i samarbeidet med EU». Utdanning, forsking og innovasjon må kunne seiast å vere svært sentrale «norske interesser».
I lys av at temaene utdanning, forsking og innovasjon ikkje ligg eksplisitt i mandatet for utvalet, er det viktig for underteikna og for Venstre å vite at EØS-utvalet går grundig inn i desse temaene og utviklinga på dette området i EU siste 10 år og i åra framover, og kva følgjer det vil ha for norsk utdanning, forsking og innovasjon dersom vi i staden for anten å halde fram EØS-samarbeidet eller gå inn som ordinært medlemsland i EU, vel ei lausare tilknytingsform slik Sveits og Storbritannia har i dag.