Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden stadfeste at Vestland fylkeskommune vil få kompensert meirkostnader når dei no har vedteke eit anbodsgrunnlag for hurtigbåt med eit absolutt minimumskrav om minst 70 % nullutsleppsdrift, og klimagassreduksjon på over 85 %?
Begrunnelse
Vestland Fylkeskommune har i tråd med Stortinget og regjeringas ønskjer vedteke å lyse ut anbod for nye hurtigbåtar med eit absolutt minimumskrav om minst 70 % nullutsleppsdrift, og klimagassreduksjon på over 85%. Noverande avtale går ut 2026, og det var difor naudsynt å gjera vedtak for at ein skulle koma i mål med prosessen. Det synes likevel uklart om ein fullt ut får kompensert eventuelle meirkostnader ved å gå frå fossil drift til fornybare energiberarar. Viser her til Hurdalsplattformen:
"Kompensere fylkeskommunene for merkostnader ved å velge lav- og nullutslippsteknologi ved anskaffelser av ferger og hurtigbåter."