Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden sjå for seg at kommunane der kostnadane med rensing ikkje står i stil med effekten, får hjelp av staten til å dekke kostnadane, eller får fritak frå reinsekravet, eventuelt, vil statsråden vera positiv til å endre avskrivingsreglane?
Begrunnelse
EU sitt vassdirektiv verkar (for ein lekmann) å opne for å dispensere frå miljøkrav, dersom kostnaden ved å implementere dei ikkje er proporsjonale med effekten. Mellom anna gjennom Vassdirektivet Artikkel 4, kapittel 4 a) ii), men og andre stadar. Innbyggarane i Stord Kommune er sterkt råka av direktivet sine krav til avløpsrensing, noko ein har gjort greie for i tidlegare spørsmål frå rep. Sigbjørn Framnes, dokument 15:2231 (2021-2022). Utføringa av rensepålegget vil påføra innbyggarane store kostnadar. Hovudgrepa (avløpsrenseanlegg) vil ikkje gi målbar effekt på tilstanden i resipienten, som er god.
Ein utfordring som forsterkar problemet er at kommunane normalt skriv av investeringar på maksimalt 40 år. Investeringar i VA har gjerne levetid på meir enn 100 år. Å endre avskrivingstida vil bidra til å senke kommunale gebyr, men og til ei meir rettferdig fordeling av kostnadar over generasjonane.