Ingrid Fiskaa (SV): Vil regjeringa 1) skalera opp støtta til lokale aktørar i hjelpearbeidet etter jordskjelvet i Syria og 2) sørga for at pengar kan kanaliserast via aktørar som UD allereie har strategiske partnarskapsavtalar med, og slik raskt sikra ressursar til lokale aktørar?
Begrunnelse
Dødstala etter det katastrofale jordskjelvet i Tyrkia og Syria held fram med å auka. Situasjonen i Syria er framleis svært vanskeleg med tanke på å få skalert opp hjelpearbeidet. I ein situasjon der Russland si blokkering i Tryggingsrådet har avgrensa tilgangen til område utanfor regimet sin kontroll både i nordaust og nordvest, samtidig som Assad-regimet legg byråkratiske hindringar i vegen for humanitær hjelp over frontlinjene, er det avgjerande at hjelp blir kanalisert via lokale aktørar som har betre tilgang gjennom kommersielle grenseovergangar og allereie er i gang med storstilt hjelpearbeid. I ein felles uttale frå lokale syriske organisasjonar er det tydeleg at samtidig som dei har stor kapasitet til å respondera, har ikkje pengane kome fram til aktørane i front av responsen.
Norske sivilsamfunnsorganisasjonar som har strategiske partnarskapsavtalar med UD er bekymra over avgrensingene desse avtalane paradoksalt nok fører til i arbeidet med å auka innsatsen via lokale partnarar i Syria. Det vert løyvt pengar til Syria, men organisasjonar med strategiske avtalar får ikkje tilgang til desse, men blir bedt om å bruka fleksible pengar som ligg i avtalane. Organisasjonane har derimot ein kapasitet langt utover det dei fleksible midla utgjer og har kanalar som gjer at hjelpa raskt kan nå dei som faktisk er til stades på bakken og jobbar akkurat no.