Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1428 (2022-2023)
Innlevert: 15.02.2023
Sendt: 20.02.2023
Besvart: 27.02.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare logikken og det lovmessige ikring at gratis ferjestrekningar får sine ferjeruter kutta dvs. reduksjon i ferjetilbodet, og "kva skal folket og næringslivet med gratis ferjer, når ferja ikkje går?"

Begrunnelse

I Møre og Romsdal har enkelte ferjestrekningar til øysamfunn blitt gratis for dei reisande. Staten kompenserar kostnadane for fylkeskommunane, slik vi har forstått ordninga.
Så opplever innbyggjarane og næringslivet at ferjerutene vert redusert på desse sambanda, med bakgrunn i at fylkeskommunane må kutte sine budsjett pga. svekka økonomi med bakgrunn i regjeringa sin politikk.
Gratis ferjer har blitt til færre ferjeavgangar og kutt i ferjetilbodet, gjennomført av raud/grønt styre både i regjering og i fylka, noko som framstår relativt merkeleg for dei fleste.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Fylkeskommunane har ansvar for fylkeskommunal ferjedrift og er takststyresmakter for desse. Dette gjeld både fastsetjing av takstar og utforming av kva ferjetilbodet skal vere i fylkesvegferjesamband.
Stortinget har løyvd midlar til fylkeskommunane, som legg til rette for at fylkeskommunane kan innføre gratis ferjer i alle fylkeskommunale ferjesamband med under 100 000 passasjerar og dessutan til øyar og samfunn utan veg til fastlandet i samband med meir enn 100 000 reisande. Midlane er fordelte over rammetilskottet til dei aktuelle fylkeskommunane etter ein nøkkel basert på tapte inntekter i den enkelte fylkeskommune ved å innføre ordninga. Midlar som vert fordelte gjennom inntektssystemet er frie midlar, det vil seie at det er midlar som fylkeskommunane kan disponere fritt. Det er altså fylkeskommunane som avgjer om det skal innførast gratis ferjer i fylkeskommunale ferjesamband, og må gjere vedtak om det.
At Møre og Romsdal vel å redusere tilbodet i 2023 kan ha andre årsaker enn lågare inntekt som følgje av takstreduksjonar. I ei pressemelding som vart publisert 19. desember 2022 skriv fylket mellom anna dette om rutekutt i ferjedrifta:

«Det er høge rentekostnadar på lån i tillegg til generell prisauke som er bakgrunnen for at Møre og Romsdal fylkeskommune må spare.»

Men dette er det Møre og Romsdal fylkeskommune som er best eigna til å svara på.
Den økonomisk situasjonen har endra seg frå då statsbudsjettet for 2023 vart lagt fram i fjor haust. Oppdaterte overslag viser høgre løns- og prisvekst enn det som er lagt til grunn for budsjettet. Regjeringa har derfor varsla at det ved revisjonen av statsbudsjettet i mai vil bli sett fram forslag om pris- og lønsjustering. I den samanhengen vil det og bli gjort ei samla vurdering av økonomien i kommunesektoren.