Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1431 (2022-2023)
Innlevert: 15.02.2023
Sendt: 20.02.2023
Besvart: 23.02.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei detaljert oversikt over kva reduksjon fylkeskommunane har gjennomført i sine budsjett innan samferdsel for 2023 kontra 2022, fordelt på vegbygging, vegvedlikehold, drift, driftskontrakter samt ferjedrifta?

Begrunnelse

Budsjettsituasjonen for fylkeskommunane har vore svært krevjande for budsjett 2023.
Dei skyhøge straum og drivstoffprisane samt begrensa rammer til fylkeskommunane har ført til kutt innan samferdsel i heile landet gjeldande fylkesvegane.
Fylka har måtte auke sine rammer innan samferdsel for å kompensere for denne prisveksten, men mange har gjennomført store kutt innan ferjedrift, drift og vegvedlikehald osv. på fylkesvegnettet, for å finansiere dette.
Berre i Møre og Romsdal er kutta innan samferdselssektoren for drift og utvikling av samferdselssektoren, fylkesvegnettet inkl. ferjedrifta på heile 130 mill. kroner for 2023. For posten fylkesvegar har fylket kutta heile 85 mill. kr for 2023, noko som rett og slett må være trafikkfarleg.
Fylkeskommunane står for ca. 44 000 km med fylkesvegar i heile landet, og ein stor del av ulykkene skjer også på desse vegane. Kutt av budsjetta til samferdselsføremål i fylkeskommunane betyr dårlegare vedlikehald av fylkesvegnettet, som igjen kan føre til fleire alvorlege ulykker i framtida. Statsråden bør være opptatt av trafikktrygging og faktisk kunne bidra med tiltak for å redusere anta dødsulykker på norske vegar, som sjølvsagt også då innbefattar fylkesvegane. Såleis er drifta, vedlikehaldet og standarden på fylkesvegnettet svært viktig for store delar av landets befolkning, og eg reknar med at dette også opptar regjeringa.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: La meg først understreka at eg er svært oppteken av trafikktryggleik, og at det skal vere trygt å ferdast på norske vegar, både på riksvegnettet og på det kommunale- og fylkeskommunale vegnettet. Det blir arbeidd målretta og effektivt frå mange aktørar for å nå visjonen om null drepne og hardt skadde i trafikken. Trafikktryggleik er eit felles ansvar og krev eit godt samarbeid på tvers av sektorar og forvaltingsnivå.
I mitt svar på ditt spørsmål nr. 1242 gjorde eg greie for ansvarsdelinga for det offentlege vegnettet og finansieringa av fylkesvegnettet. Her peika eg mellom anna på at hovuddelen av fylkesvegane blir finansierte av frie inntekter gjennom inntektssystemet for fylkeskommunane. Det gjeld òg drifta av fylkesvegferjene.
Frie inntekter inneber at fylkeskommunane kan disponere midlane fritt innanfor rammene av lover og forskrifter. Nærleiken politikarane har til behova og utfordringane for lokalsamfunnet gjer at dei gjennom bruken av frie inntekter kan prioritere og bruke ressursane der dei gjer mest nytte.
Departementet har ikkje tilgjengeleg oversikter som viser korleis fylkeskommunane har prioritert samferdsel innanfor sine budsjett for 2023. Førebelse rekneskapstal for 2022 som viser kva fylkeskommunane har brukt innan samferdsel, er venta offentleggjort 15. mars 2023.
Vi er i ein spesiell økonomisk situasjon med høg kostnadsvekst og stor uvisse. Regjeringa har varsla at det fram mot revidert nasjonalbudsjett 2023 vil bli arbeidd med ei pris- og lønnsjustering av statsbudsjettet for 2023 som vil motverke den ekstraordinære kostnadsveksten i år. Det vil òg bli gjort ei samla vurdering av økonomien til kommunesektoren i samband med revidert nasjonalbudsjett. Justeringar for kommunesektoren vil skje enten ved rammeoverføringar eller ved at sektoren får behalde auka skatteinntekter.