Alfred Jens Bjørlo (V): Vil justisministeren ta eit snarleg initiativ til å sørge for at UDI kan innvilge utsett utreise/suspensjon av utreiseplikt frå Noreg for personar frå Tyrkia som har midlertidig opphaldsløyve i Noreg, og er i ein situasjon der deira næraste i heimlandet er råka av jordskjelvkatastrofen natt til 6. februar?
Begrunnelse
Jordskjelvet i Tyrkia og Syria natt til 6. februar er den verste naturkatastrofen i vår del av verda på hundre år. 41.000 er så langt stadfesta omkomne, og dei materielle øydeleggingane er enorme. FN oppmodar innstendig om at alle land gjer det ein kan for å hjelpe folk i Tyrkia og Syria i den fortvila situasjonen dei no lever i.
Avisa Firda omtaler 16/2 ei sak om ei ung tyrkisk kvinne som er voluntør i ein kommune i Sunnfjord, og som har visum som går ut i april etter å ha vore i Noreg som voluntør i snart eitt år. Ho har ingen heim i Tyrkia å kome attende til, fordi mora sin heim er øydelagd i jordskjelvet.
Kvinna har sidan jordskjelvet hatt dialog med UDI om høva til å få forlenga oppholdet i den fortvilte situasjonen ho er i utan nokon heim å reise attende til i Tyrkia, men UDI opplyser at dei innanfor dagens regelverk ikkje har høve til å gi forlenga opphald. UDI skriv at «Regelverket er politisk bestemt, og så langt har ikke norske myndigheter besluttet å gi utsatt utreise eller opphold for personer som er berørt av jordskjelvet.» (Firda 16/2). Eg legg til grunn at denne vurderinga ikkje utan vidare gjeld jordskjelv-råka personar frå Syria, pga. eigne reglar som allereie gjeld for Syria.
Eg vil innstendig oppmode Justisministeren om å gi UDI høve til å kunne gi utsett utreise eller opphald for personar frå Tyrkia som er i ein situasjon der deira næraste i heimlandet er råka av jordskjelvkatastrofen. Å gjere eit slikt grep, bør vere ein sjølvsagt del av den samla innsatsen Noreg gjer for å hjelpe folk som er ramma av den verste naturkatastrofen i vår del av verda i moderne tid.