Skriftlig spørsmål fra Mímir Kristjánsson (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1419 (2022-2023)
Innlevert: 19.02.2023
Sendt: 20.02.2023
Besvart: 24.02.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Mímir Kristjánsson (R)

Spørsmål

Mímir Kristjánsson (R): Kan Stavanger kommune forvente seg å få kompensert hele eller deler av beløpet som er brukt på å restaurere domkirken i Stavanger?

Begrunnelse

Som landets eldste stående domkirkebygg er Stavanger domkirke fra 1100-tallet en kulturskatt av nasjonal betydning. Kirka har vært i sammenhengende bruk siden 1300-tallet, og er den av landets domkirker fra middelalderen som i størst grad har beholdt sitt opprinnelige uttrykk.
Fram mot Stavanger 900-årsjubileum i 2025 skal domkirken restaureres. Kostnaden for arbeidet bæres så å si alene av Stavanger kommune. Til tross for domkirkens historiske betydning og arkitektoniske kvaliteter bidrar nasjonale myndigheter i forsvinnende liten grad til å ta vare på dette unike kirkebygget.
Restaureringen av domkirken er en stor belastning for Stavanger kommune. Nylig kunne Stavanger Aftenblad fortelle at dyrtid og uforutsette problemer med den gamle bygningsmassen har medført nok en kostandssprekk for prosjektet. Prislapp i skrivende stund er nå 367,2 millioner kroner.
5. april 2022 svarte statsråd Toppe på spørsmål fra meg at en ny nasjonal ordning for rehabilitering av historiske kirkebygg var på vei som et ledd i nedleggelsen av det gamle Opplysningsvesenets fond. Den gang varslet statsråden at Riksantikvaren innen utgangen av 2022 ville presentere en liste over kirkebygg som skulle inngå i ulike nasjonale bevaringsprogram, og hvordan disse programmene skulle innrettes. En slik liste har meg bekjent ikke blitt lagt fram ennå.
Stavanger kommune har fulgt statsrådens oppfordring av 05.04.2022 om å ikke vente med nødvendig vedlikehold av historiske kirkebygg. Det risikerer kommunen nå å bli straffet for. Dersom Stavanger domkirke står ferdig får de nye nasjonale bevaringsprogrammene for kirkebygg er klare, sitter kommunen igjen uten noen form for kompensasjon for nasjonale myndigheter.
Spørsmålet er om statsråden kan garantere at Stavanger kommune får kompensert hele eller deler av beløpet som er brukt på å restaurere domkirken i Stavanger, eller om kommunen risikerer å sitte igjen uten en krone fordi den har opptrådt framoverlent og tatt vare på et historisk kirkebygg av nasjonal betydning.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Tilskot til bygging, drift og vedlikehald av kyrkjebygg er regulert i lov om trus- og livssynssamfunn § 14 om finansiering av Den norske kyrkja. Lova slår fast at kommunen gjev tilskot til kyrkja si verksemd lokalt, irekna tilskot til drift av kyrkjebygga. Tilskotet skal mellom anna sikre at bygga blir haldne i forsvarleg stand.
Då Stortinget behandla Meld. St. 29 (2018-2019) Opplysningsvesenets fond blei det lagt som premiss for den tilrådde løysinga om delinga av fondet mellom staten og Den norske kyrkja at midlane til istandsetjing av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg ikkje skulle avløyse dette kommunale finansieringsansvaret. Skal etterslepet i vedlikehald dekkast inn, må dei statlege midlane komme i tillegg til dei kommunale midlane. Korleis den kommunale medfinansieringa bør innrettast for å treffe best mogleg, utgreier vi no.
I oppdragsbrevet som gjekk ut i desember 2021 for å følgje opp stortingsmeldinga og oppmodingsvedtaka i Stortinget, sa vi at Riksantikvaren saman med Den norske kyrkja skulle komme med forslag til ein plan og ein modell for prioritering av kyrkjene. Det var ikkje tiltenkt, og heller ikkje mogleg, at det innan desember 2022 skulle ligge klar ei liste over kyrkjer i prioritert rekkefølgje. Til det er arbeidet alt for komplekst og kunnskapsgrunnlaget vårt er for usikkert. Derfor tilrår rapporten mellom anna at kyrkjene skal prioriterast i to trinn, med statleg finansiert forprosjektering for kyrkjer som ikkje nyleg har eit slikt kunnskapsgrunnlag, som trinn ein.
I Stavanger starta ein arbeidet med å setje i stand domkyrkja lenge før det blei gjort vedtak i Stortinget om delinga av Opplysningsvesenets fond. Kommunen tok den lovpålagte plikta på alvor, og har klart å prioritere midlar til dette for å ha kyrkja klar til jubileet i 2025. No er kommunen kommen i ein vanskeleg situasjon. Uforutsette hendingar i slike omfattande istandsetjingsprosjekt er ikkje uvanleg, og når prisauken kjem på toppen kan det bli krevjande å skaffe midlar til å fullføre prosjekta.
Det er for tidleg å slå fast korleis det statlege bevaringsprogrammet vil påverke finansieringa av arbeidet på Stavanger domkyrkje. Prioriteringane som må gjerast i bevaringsprogrammet skal bli gjort av ei breitt samansett faggruppe, basert på kunnskap om kor behova for å redde kulturarven vår er størst. Stavanger domkyrkje er ei av dei viktigaste kyrkjene i Noreg, der forprosjekteringa allereie er gjennomført og kunnskapsgrunnlaget solid. Vurderinga av arbeider på domkyrkja må gjerast tidleg etter oppstart av bevaringsprogrammet. Eg har eit mål om at denne oppstarten kan skje frå 2024.
Eg kan elles opplyse om at den ordinære tilskotsordninga vi har over kap. 882 post 61 der Stortinget i 2023 har løyvavel 38 mill. kroner til istandsetjing av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, vil bli delvis utlyst som tilskot til eigarar av mellomalderkyrkjer i stein (om lag halvparten av midlane). Stavanger kommune har tidlegare fått 7,1 mill. kroner gjennom denne tilskotsordninga, kor av 1,9 mill. kroner har gått til domkyrkja. Kommunen kan også no søke for sine kyrkjer. Tilskotsbeløp her er for 2023 oppad avgrensa til 1,5 mill. kroner.
Eg viser også til svar på spørsmål nr. 1392 frå representanten Stensland om Stavanger domkirke.