Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1424 (2022-2023)
Innlevert: 20.02.2023
Sendt: 20.02.2023
Besvart: 02.03.2023 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kva gjer forsvarsministeren for å få bukt med ukulturen i Forsvaret, og korleis sørgjer ministeren for at varsel vert handsama på ein profesjonell måte?

Begrunnelse

Ifølgje NRK mottok Hæren og Stridstrenbataljonen i perioden 2021-2022 ei rekkje meldingar om trakassering av og overgrep mot kvinnelege soldatar i førstegongstenesta. Ifølgje varslarane vart det ikkje gjort tilstrekkelege tiltak for å stoppa trakasseringa, tvert imot hevdar ein av dei berørte at ho vart straffa for varselet. Dette er ikkje første gong det kjem historier om seksuell trakassering, maktmisbruk eller manglande reaksjonar mot dei ansvarlege i Forsvaret.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Me har det siste året sett for mange døme på historier som omtalar kritikkverdige hendingar knytt til mobbing og seksuell trakassering. Oppfølginga av denne typen saker ikkje har vore god nok i Forsvaret: Det har også forsvarssjefen vore veldig tydeleg på. Me skal ikkje ha mobbing, trakassering eller overgrep i Forsvaret. Om noko likevel hender, skal det umiddelbart tas tak i og følgast opp, og uakseptable handlingar skal ha konsekvensar. Alle som er inne til førstegongsteneste eller tenestegjer i Forsvaret skal bli tekne i vare.
Forsvaret har igangsett eit arbeid for å vurdera særskilde trekk ved verksemda si som kan bidra til auka risiko for uønskte hendingar og kva som kan gjerast for å handtera dei, både på individnivå og som organisasjon. Dette er eit initiativ eg har etterspurt og støtter.
Me må i større grad ha ei heilskapleg tilnærming framover til dei kulturutfordringane me har i Forsvaret. Heile forsvarssektoren må vera med i dette arbeidet. Dette var bakgrunnen for at eg den 21. februar gjennomførte eit møte i Oslo Militære Samfund med mellom anna forsvarssjefen, tillitsvalde for dei tilsette, soldatanes tillitsvalde og Militært kvinneleg nettverk for å diskutera moglege tiltak i kjølvatnet av varslingssakene. Viktige moment som kom fram var manglande kompetanse og erfaring på lågare befalsnivå, behov for tydeleg leiing og forbetra handtering av hendingar. Vidare fekk eg det tydelege tilbakemeldingar om at hendingane som har komme frami media er uttrykk for eit kulturproblem. Det kom fram ei rekkje forslag til tiltak som vil bli vurdert av forsvarssjefen i det vidare arbeidet.
Som forsvarsminister etterspør eg, og vil leggja til rette for, arbeidet i Forsvaret. Mellom anna ser eg på det juridiske rammeverket for disiplinærsaker. Eg vil òg vurdera om Forsvaret har dei nødvendige rammevilkåra for utdanning og kompetansebygging. Eg kjem òg til å styra Forsvaret på ein tydeleg ambisjon om auka kvinnedel i organisasjonen. Fleire kvinner i Forsvaret kan bidra til å vidareutvikla og forbetra organisasjonskulturen. Eg vil òg vurdera gjennomføringa av dei regelmessige undersøkingane våre om mobbing og seksuell trakassering for heile sektoren. Undersøkingane skal inngå i ei heilskapleg tilnærming til arbeid med haldningar og verdiar.
Etter at varslingssakene har komme opp det siste året har Forsvaret jobba godt med førebyggjande tiltak. Det er mellom anna igangsett eit arbeid som skal fokusera på kulturen i organisasjonen, inkludert ein ytterlegare systematisering av vidare tiltak mot mobbing og trakassering. Forsvarssjefen forlet no prinsippet om at varslingssaker alltid skal løysast på lavast mogleg nivå, og aukar bemanninga innanfor varsling. Forsvaret har også satt i gang kompetansehevande tiltak retta mot leiare og tilsette rundt arbeidsgivarrolla og varsling. Dessutan har Forsvaret endra varslingsprosessen for å sikra likebehandling. Det skal nå konfererast med Generaladvokaten i alle saker som omhandlar mobbing og trakassering, og Forsvarsstaben skal kvalitetssikre tilfelle av avvik frå anbefalingane. Forsvaret opprettar ei sentral varslingseining som skal ha tilstrekkeleg med ressursar og kompetanse til kontinuerleg å registrera, kategorisera, undersøkja, behandla og sluttføra alle varslingssaker. Denne eininga skal vera tyngdepunktet for varsling i Forsvaret, og skal vera etablert med verknad frå 1. august 2023. Dagens sentrale varslingsmottak vil i mellomtida bli styrkt med tilførsel av mellombelse årsverk og kompetanse, i tillegg til at lokale varslingsmottak i forsvarsgreinene blir tilførte ytterlegare årsverk. Fagplanane for utdanning og opplæring i arbeidsgivarrolla blir styrkt.
Både Forsvaret og konsulentselskapet PwC har vurdert på ny tidlegare varslingssaker og reaksjonane på desse. I desse gjennomgangane opnast det for at reaksjonane i den enkelte sak kan strammast inn ytterlegare der sanksjonane ikkje framstår tilstrekkelege når sakane samanliknast på tvers. Det er òg fastsett ny praksis med informasjon til varslar om eventuelle tjenstlege reaksjonar som følgje av varselet. Eg er tilfreds med at forsvarssjefen klart og tydeleg prioriterer arbeidet med å forbetra varslingssystemet.
Eg vil ha tett dialog med forsvarssjefen om ei heilskapleg og systematisk tilnærming til tiltak som senkar risikoen for uønskte hendingar og forbetrar handteringa av varslar i organisasjonen. Det felles målet vårt er at ingen i Forsvaret skal oppleva mobbing eller seksuell trakassering i tenesta, og at Forsvaret skal vera ein trygg og god stad for alt personell.