Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:1438 (2022-2023)
Innlevert: 20.02.2023
Sendt: 20.02.2023
Besvart: 27.02.2023 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Har andre statlege direktorat fått lignende brev om at det er en hovedregel at nye stillinger ikkje skal komme på hovedkontoret eller er dette kun ein politikk som er meint å ramme Bergen?

Begrunnelse

Fiskeri- og næringsdepartementet skrev i brev av 10. oktober 2022 mellom anna dette:
Det legges videre til grunn at Fiskeridirektoratets desentrale struktur skal opprettholdes og styrkes, og at nye stillinger som den klare hovedregel skal etableres i distriktene eller i Nord-Norges byer. Dette kan fort leses som at hovedkontoret Bergen skal tappes for kompetansearbeidsplasser og andre steder i direktoratet skal bygges opp.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Brevet til Fiskeridirektoratet, som representanten Njåstad viser til, formidla Nærings- og fiskeridepartementet si avgjerd i ei konkret sak om omorganisering av Fiskeridirektoratet, etter at saka var lagt fram for regjeringa.
Avgjerda er i tråd med nordområdepolitikken og den statlege lokaliseringspolitikken, som mellom anna har som formål å medverke til at veksten i eksisterande verksemder, og som har ein regional struktur, i hovudsak skal skje utanfor dei største byane.
Formålet med lokaliseringspolitikken er nedfelt i «Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon». Retningslinjene fastset også krav til vurdering og prosedyrer ved utgreiing av saker om lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon.
Retningslinjene gjeld ved strukturelle endringar og omorganiseringar i statlege verksemder. Endringane i Fiskeridirektoratet er derfor utgreia og handsama i tråd med retningslinjene.
Det er bakgrunnen for at tilsvarande brev ikkje har gått til andre statlege etatar.
Organisasjonsendringa førte til nedlegging av dei fem tidlegare regionkontora. Det var ikkje ønskeleg å sentralisere all leiing i Fiskeridirektoratet til Bergen som konsekvens av dette. Ved å legge divisjonsleiing til Bodø og Tromsø styrkjer vi viktige tyngdepunkt i nord.
Både Bodø og Tromsø har mykje god fiskerifagleg kompetanse og nærleik til fiskeri- og havbruksnæringa, og husar relevante forskings- og utdanningsinstitusjonar. Med dette legg vi også til rette for å styrkje Nord-Noreg over tid i samsvar med regjeringa sin nordområdepolitikk.
Det betyr likevel ikkje at kontoret i Bergen skal byggjast ned. Med «nye stillingar» meinast stillingar som ikkje eksisterer frå før, til dømes stillingar som oppstår som følgje av nye oppgåver eller ei utviding av direktoratet. Retilsetting når ein tilsett sluttar reknast ikkje som ei «ny» stilling.
For meg og regjeringa var det viktig å slå fast at Fiskeridirektoratets hovudkontor skal liggje i Bergen med fiskeridirektør, assisterande fiskeridirektør og dei andre direktørane i leiargruppa, med unntak for dei to divisjonsdirektørane.
Over halvparten av dei tilsette i direktoratet har kontorstad ved hovudkontoret i Bergen. Forutan leiargruppa, IKT-drift, administrasjon og kommunikasjon, har hovudkontoret tung kompetanse innan internasjonalt samarbeid, reguleringar, strategisk utvikling av kontroll- og tilsynsarbeidet, samt klagesakshandsaming. Alle desse funksjonane utgjer hovudkontoret, og tyngdepunktet Fiskeridirektoratet har og skal ha i Bergen.