Frank Edvard Sve (FrP): Kva har samferdselsministeren tenkt å gjere med den alarmerande synkande andelen av piggdekk, der piggfrie dekk polerer vegbana både om vinteren og sommaren noko som kan medføre betydeleg fleire ulykker i framtida – og kva med forsvarleg "mønsterdybde" på vegbana?
Begrunnelse
For at piggfrie dekk skal fungere, trenger vegbana faktisk også ein betydeleg del piggdekk.
Statens vegvesen og andre fagmiljø viser til i ein reportasje i nettavisa den 21/2, til at man trenger minst 20 % piggdekk for å unngå polering av veidekket om vinteren.
Opplysningsrådet for veitrafikk meiner at piggdekkandelen godt kan være 40 % for å kunne oppnå tilstrekkeleg veigrep.
Piggdekk rasper opp veidekket, noko som fører til at også piggfrie dekk får betre veigrep på mange vinterfører, men også for bar asfalt.
Ekspertane viser til at dersom ein skal fortsette med ein høg andel piggfrie dekk, må vegvedlikeholdsstrategien endrast. Vegvedlikeholdet må styrkast og dette gjennom meir salting/strøing og generelt betre vintervedlikehold.
Vi har lovkrav om minimum mønsterdybde på dekk, men ikkje ang veibanen som pga. mindre piggdekk blir betydeleg polert både på vinter og sommerføre.
Faren for ulykker på sommarstid aukar pga. manglande "mønsterdybde" på vegbana, noko som også er erfart i blant anna Sverige ved legging av spesiell hard og slitesterk asfalt.