Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1470 (2022-2023)
Innlevert: 23.02.2023
Sendt: 23.02.2023
Besvart: 02.03.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Statens vegvesen ønskjer å bygga ein kortare og brattare tunnel på Rv 13 Lovraeidet-Rødsliane for å redusera investeringskostnadene.
Meiner det statsråden det finst andre argument enn dei kortsiktig økonomiske for å fråvika tunnelsikkerheitskrava?

Begrunnelse

Vegdirektoratet har opna for eit fråvik frå tunnelsikkerheitsforskrifta for bygging av tunnelen på Rv 13 Lovraeidet-Rødsliane. Utgangspunktet er at Statens Vegvesen ønskjer å spara pengar ved å bygga ein kortare og dermed brattare tunnel enn den som allereie er planlagt og regulert.
Vegdirektoratet har samtidig «sterke betenkeligheter» med eit slikt fråvik i dei faglege vurderingane sine. Forskrifta har krav om maksimum 5% stigning i tunnelen. Ein brattare tunnel vil auka risikoen for ulykker og brann, og dessutan ha auka miljøkostnader. Forskrifta gir moglegheiter for unntak, men dette skal både vera avgrensa og ha ein tvingande grunn. Vegdirektoratet slår fast at ingen av desse kriteria er til stades. Dei vurderer også at dei to risikoanalysane som er gjort, ikkje viser eit minst likeverdig sikkerheitsnivå ved ein brattare tunnel.
Når Vegdirektoratet likevel opnar for eit fråvik, er det i form av ein pilot som skal følgjast opp av eit forskings- og evalueringsprogram over fleire år.
Det blir vist til at det er relativt låg trafikk på den gjeldande strekninga. Men allereie i dag er det mykje tungtransport på Rv13, og med auka næringsverksemd i regionen kan denne trafikken auka ein heil del. Med 6,5% stigning i staden for 3,85% som opphavleg planlagt, vil risikoen for stenging av tunnelen og alvorlege ulykker auka. I ein tunnel med eitt løp er også konsekvensane av stenging og ulykker større. Dette vil gå ut over både næringsliv og lokalsamfunn.
Brattare stigning er også mindre miljøvennleg, då det fører til auka drivstoffbruk. Pengar som er spart i investeringskostnader ved ein kortare tunnel, kan forsvinna med større planleggingskostnader, lengre stengetider og større behov for oppgraderingar seinare. Samfunnsøkonomien i den brattare tunnelen kan visa seg å vera dårlegare enn med ein meir trafikksikker og miljøvennleg tunnel. Eldre tunnelar blir i dag oppgradert for store summar for å tilfredsstilla nyare trafikksikringskrav. Samtidig vurderer ein altså å bygga ein ny tunnel som ikkje følgjer dei same krava.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har ei ståande bestilling gjennom NTP 2022-2033 og tildelingsbrev til etaten om å optimalisere alle sine prosjekt. Det betyr at etaten skal leite etter løysningar som kan gje reduserte kostnader og/eller auka nytte. Prosjektet Rv 13 -Lovraeidet -Rødsliane skal gje betre sikring mot skred. Statens vegvesen har derfor i tråd med bestilling i NTP og tildelingsbrev vurdert om det er mogleg å oppnå kostnadsreduksjonar i prosjektet, men der ein likevel opprettheld same grad av sikring mot skred. I den samanhengen har det blitt vurdert å byggje ein kortare tunnel. Parallelt med arbeidet med ein ny tunnel har Statens vegvesen utført omfattande tiltak for sikring mot skred i området.
Tunnelsikkerheitsforskrifta for riksveg fastset ein rekkje krav til tryggleik i tunnelar på riksveg. Alternativet med ein kortare tunnel føreset fråvik frå krav i denne forskrifta på grunn av stigninga i tunnelen. Kompetansen til å behandle søknader om fråvik frå forskrifta er lagt til Vegdirektoratet, som har behandla søknaden og innvilga fråviket.
Det at Statens vegvesen søkjer å optimalisere prosjekta gjennom å leite etter løysningar som kan gje reduserte kostnader og/eller auka nytte, er i tråd med NTP-målet «meir for pengane». Om utfordringa på strekninga kan løysast til lågare kostnadar frigjer det midlar til andre områder og bidrar til andre transportpolitiske mål, til dømes meir trafikksikkerheit eller betre framkome.
Det viktigaste no er at Statens vegvesen har begynt å arbeide med prosjektet for sikring mot ras på Rv 13 Lovraeidet-Rødsliane og held framdrifta slik at prosjektet kan klargjerast for anleggsstart. Det er avsett nødvendige midlar til dette i budsjettet for 2023.