Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1491 (2022-2023)
Innlevert: 23.02.2023
Sendt: 24.02.2023
Besvart: 03.03.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan vi be statsråden gjera greie for korleis luftfarsmeldinga følger opp Hurdalsplattformen sitt punkt om «å legge til rette for å styrke norske aktører med norske lønns- og arbeidsvilkår, og der en samtidig får ned utslippene fra luftfarten», og på kva måte meiner statsråden at luftfartsmeldinga legg eit grunnlag for at aktørane skal finne nødvendig handlingsrom for å jobbe med å få ned utsleppa frå luftfarten?

Begrunnelse

Regjeringa har nyleg lagt fram ei luftfartsmelding, i tråd med punkt sett opp i Hurdalsplattformen. Det vert i kapittelet "luftfart" i Hurdalspalttformen sagt at ein skal «Prioritere arbeidet med en luftfartstrategi der en legger til rette for å styrke norske aktører med norske lønns- og arbeidsvilkår, og der en samtidig får ned utslippene fra luftfarten.»
Slik vi opplever aktørmarkedet i dag, er det krevende å finne økonomisk handlingsrom for å satse på nye teknologiske løsninger for å få ned utsleppa. Aktørane fortel om ein pressa bransje som er prega av låge marginar og høge nasjonale fiskal- og klimaavgifter i tillegg til sterkt aukande kostnader til EU sitt kvotesystem.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Regjeringa vil legge til rette for norske aktørars konkurransedyktigheit gjennom å sikre like spelereglar knytt til lønns- og arbeidsvilkår for alle aktørar som opererer i den norske marknaden. I kapittel 8 i meldinga drøftar regjeringa kva som er viktig for å nå dette målet. Like konkurransevilkår gir norske aktørar høve til å drive lønnsamt samleis som flygande personell sine lønns- og arbeidsforhold vert tatt vare på. Lønnsemd er viktig med tanke på at næringa skal redusere utsleppa sine i tråd med statlege virkemiddel som CO₂-avgifter, deltaking i EUs kvotesystem og omsetjingskrav for biodrivstoff. Regjeringa vil og støtte næringa gjennom å etablere ein rettleiingsfunksjon for næringsaktørar i luftfarten i Luftfartstilsynet, for å skape tettare kontakt og synleggjere moglegheitene for støtte til grøn utvikling gjennom verkemiddelapparatet. I tillegg vil vi i den komande tida aktivt vurdere statlege initiativ gjennom innkjøp, blant anna innfasing av null- og lågutsleppflypå FOT-ruter og pilot/utviklingskontraktar for å forsere innfasinga av grøn teknologi i luftfarten.