Alfred Jens Bjørlo (V): Kva vil Helseministeren gjere for å sikre seg om at varslarar i dei statleg eigde helseforetaka vert ivaretekne på ein trygg måte, og å sørge for at det ikkje utviklar seg kulturar i einskilde føretak med frykt for represaliar og manglande varsling av uforsvarlege tilhøve som går ut over pasientar og tilsette?
Begrunnelse
Bergens Tidende har den siste tida avdekka urovekkande tilhøve i Sjukehusapoteka Vest, eit helseføretak eigd av det regionale helseføretaket Helse Vest. Apoteksjefen ved Haukeland sjukehus i Bergen har varsla om det han vurderer som uforsvarlege tilhøve både på apotekdrift og arbeidsmiljø.
Samtidig pågår det ein prosess der Sjukehusapoteka Vest vurderer å seie opp vedkomande. Dei tilsette har sendt eit skriv til styret der dei er svært urolege for utviklinga i saka og måten ho blir handtert på av leiinga. Dei tilsette ber styret om å gripe inn og avslutte oppseiingsprosessen.
I etterkant av dette har også to andre noverande og tidlegare tilsette i Sjukehusapoteka Vest sendt varsel om same type problemstillingar som det første varselet, der det framgår at «..ansatte i foretaket opplever et uforsvarlig arbeidsmiljø og betydelig fryktkultur», og det blir hevda at tilsette ikkje torer å seie frå av frykt for represaliar frå leiinga (Bergens Tidende, 23/2-23).
Eg har forståing for at statsråden ikkje kan gå detaljert inn på å kommentere denne saka særskilt, men det er viktig å vite korleis departementet som øvste eigar av helseforetaka arbeider med å syte for at det skal vere trygt å varsle i det norske statlege helsevesenet, og rutinene for å handtere saker av ein så urovekkande karakter som den som no har blitt offentleg kjend i Bergen.