Skriftlig spørsmål fra Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1495 (2022-2023)
Innlevert: 24.02.2023
Sendt: 24.02.2023
Besvart: 02.03.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V)

Spørsmål

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V): Vil statsråden vurdere å bevilge ekstra midler eller endre tildelingskriterier for tilsyn av barnevernsinstitusjoner, slik at kvaliteten og rettsikkerheten i fylker med et høyt antall barnevernsinstitusjoner i forhold til folketall blir ivaretatt?

Begrunnelse

Agder har en stor andel private barnevernsinstitusjoner i forhold til befolkningstall. Fædrelandsvennen viser denne uken til tall fra Bufdir som viser at Agder har 14 barnevernsinstitusjoner med til sammen 50 avdelinger, men kun litt over 300 000 innbyggere. Det er statsforvalteren som fører tilsyn med barnevernsinstitusjoner, jf. barnevernsloven § 17-3 andre ledd. Tilsynene er svært viktig for å føre kontroll med at institusjonene driver på en forsvarlig måte som ivaretar barnas beste og deres rettssikkerhet. Slik kontroll kan også stimulerer til utvikling og kvalitetsarbeid i institusjonene, og er således også svært viktig for å veilede til videre kvalitetsutvikling i barnevernet. Ressurser til denne kontrollvirksomheten angis ut fra folketallet, og ikke antallet institusjoner og beboere der. Dette fører til en skjevhet for enkelte regioner, herunder Agder.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Tilsyn er viktig for å avdekkje feil og manglar i barnevernet. Tilsyn bidrar til at kvaliteten i institusjonstilbodet vert styrka. Statsforvaltaren har eit lovpålagt ansvar for å føre tilsyn med at barn i barneverninstitusjon får forsvarleg omsorg og behandling og at institusjonane blir drive i samsvar med barnevernslova og forskriftene til lova. Statsforvaltaren fører eit risikobasert tilsyn, men det er og eit krav om to eller fire stadlege tilsyn kvart år.
Folketal har noko å seie for fordelinga av midlar mellom statsforvaltarembeta for arbeid på området til Barne- og familiedepartementet. Samstundes blir midlane fordelt ut frå fleire sosio-økonomiske variablar, ikkje berre folketalet. Det er ikkje ein særskild finansiering for tilsyn med barneverninstitusjonar. Desse midlane inngår i ei samla løyving frå Kommunal- og distriktsdepartementet til alle oppgåvene dei einskilde embeta har. Mitt departement vil gjere vurderingar av om det er behov for å justere fordelinga av midlane på området til Barne- og familiedepartementet.
Eg ser at den relativt store konsentrasjonen av barnevernsinstitusjonar i Agder er uheldig, og eg tenkjer dette er hovudutfordringa. I Agder er det relativt mange institusjonsavdelingar, men få av desse er statlege. Mange av dei er kommersielle. Regjeringa har som mål å fase ut kommersielle leverandørar i barnevernet. Det er samtidig eit mål at dei statlege institusjonane i større grad enn i dag kan ta imot barna med dei største utfordringane. Regjeringa skal også gjennomføre ein kvalitetsreform i barnevernet. I dette arbeidet vil barns nærleik til institusjonstilbodet og geografisk fordeling av institusjonstilboda vere viktig.