Skriftlig spørsmål fra Mudassar Kapur (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1509 (2022-2023)
Innlevert: 24.02.2023
Sendt: 27.02.2023
Besvart: 06.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Mudassar Kapur (H)

Spørsmål

Mudassar Kapur (H): I Hurdalsplattformen står det at: «En av regjeringens viktigste prosjekter er en tillitsreform i offentlig sektor.»
Hvilke konkrete initiativ har statsråden tatt innenfor sitt ansvarsområde, og hvilke konkrete resultater kan statsråden vise til etter snart halvannet år i regjering?

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Målet med tillitsreforma er at innbyggjarane i heile landet skal få offentlege tenester med betre kvalitet og til rett tid. For å få dette til er det viktig at vi har ein offentleg sektor der det er høg grad av tillit, både mellom sektorane og mellom verksemdene, men òg internt i dei einskilde verksemdene.
Som kommunal- og distriktsminister har eg to roller i tillitsreforma. Eg har det overordna ansvaret for å koordinere og vere pådrivar for reforma, slik at ho i sum gjev resultat. I tillegg har eg på linje med dei andre statsrådane i regjeringa ansvar for å følge opp reforma innafor mitt eige ansvarsområde. Eg vil i dette svaret seie noko om kva eg konkret har teke initiativ til i begge desse rollene.
Eg vil streka under at tillitsreforma ikkje er ei tradisjonell reform som skal styrast frå regjeringa og departementa. Tvert om, så skal ho skapast av fleire partar undervegs i prosessen. Det meste av arbeidet skjer i dei einskilde sektorane i offentleg sektor.
I forholdet mellom staten og kommunesektoren handlar reforma om å gje auka handlingsrom til kommunar og fylkeskommunar. Kvart departement skal vurdere oppfølginga innan sin sektor. Som pådrivar og koordinator for reforma har Kommunal- og distriktsdepartementet bede dei andre departementa om å gjere greie for dei prosessane dei set i gang i sine sektorar.
Regjeringa er opptatt av at det i departementa sine styringsdialogar med dei underliggjande verksemdene blir formidla at arbeidet med tillitsreforma skal prioriterast. Departementa må gjennom etatsstyringa vere pådrivarar, dei må spørje etter resultat frå verksemdene sine, og dei må signalisere klare forventningar. Tildelingsbreva er eit naturleg dokument kor departementa kan formidle forventningar eller krav til verksemdene sine slik at tillitsarbeidet får prioritet. Arbeidet med tillitsreforma skal ikkje vere ein aktivitet på sida av den daglege drifta, men tvert om bli knytt nærare til kjerneverksemda.
Mitt departement har, i samråd med dei andre departementa, utarbeidd eit inspirasjonsnotat om tillitsreforma. Dette er eit overordna notat med spørsmål og svar om tillitsreforma.
I november i fjor arrangerte mitt departement eit større seminar om tilitsreforma. Her var det deltakarar både frå staten og frå kommunesektoren, og vi la i dette seminaret vekt på praktiske døme på tillitsskapande arbeid. Målet med seminaret var å inspirere andre til vidare innsats i tillitsreforma. Eg planlegg fleire tverrgåande praktiske tiltak i det komande året.
Eg har bede Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) fokusere på tema som medverknad, partssamarbeid og tillitsbasert leiing i sine utviklingstilbod.
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har justert arbeidsgivarstrategien i staten. Her har vi no lagt meir vekt på medverknad og partssamarbeid, i tillegg til tillitsbasert leiing.
I arbeidet med tillitsreforma er dei tilsette sin rett til medverknad viktig. Staten og hovudsamanslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat blei i desember 2022 samde om ein ny hovudavtale i staten. Den nye avtalen gjeld frå 1. januar 2023. I den nye avtalen er det mellom anna gjort endringar i reglane som gjeld for lokale avtalar om medverknad (tilpassingsavtalar). Det er viktig at statlege verksemder har ein slik avtale, og at han er tilpassa verksemda.
Kommunal- og distriktsdepartementet har sett i gang eit arbeid for å revidere grunnlaget for god leiing i staten. I dette arbeidet vil vi mellom anna sjå på korleis vi kan leggje til rette for meir tillitsbasert leiing og medverknad.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har oppretta ei «verktøykasse» for tillitsreforma på nettsida Arbeidsgivarportalen. Denne nettsida er retta mot statlege verksemder, men ho kan nyttast av alle. Både leiarar, tilsette og tillitsvalde kan her ta i bruk temasider, kurs og e-læringstiltak og eit erfaringsnotat eg i fjor bad DFØ utarbeide. I tillegg kan verksemdene, både i staten og i kommunesektoren, få råd og rettleiing om tillitsskapande arbeid hos Digitaliseringsdirektoratet (Digdir), DFØ og Design og arkitektur Norge (DOGA).
Som ein del av tillitsreforma tek regjeringa sikte på å etablere ei forsøksordning for kommunar og fylkeskommunar innanfor gjeldande forsøksheimlar. I budsjettproposisjonen til departementet er det gitt nærmare informasjon om rammene for arbeidet med å etablere forsøksordninga.
Stimulab er eit samarbeid mellom Digitaliseringsdirektoratet og DOGA og skal stimulere til offentleg innovasjon frå innbyggarane sitt perspektiv. Det er i Stimulab-arbeidet gjeve føringar om at innovasjonsarbeidet i forvaltninga skal støtte opp under tillitsreforma. I Stimulab arbeider ein til dømes med medarbeidardrivne innovasjonsprosjekt som baserer seg på innsikt i behova til brukarane. Eit anna eksempel er Statsforvaltarens fellestenester (STAF) som gjennom Stimulab har sett i gang prosjektet «Klagebehandling økonomisk sosialhjelp».
Husbanken har i samarbeid med KS og utvalde kommunar utvikla eit nytt digitalt system for kommunalt disponerte utleigebustader, kalla Kobo. Systemet vil lette prosessen med å søke, tildele og administrere dei kommunalt disponerte utleigebustadane, følge opp dei som bur der og å skaffe eit datagrunnlag.
I tildelingsbreva for 2023 har alle dei underliggjande etatane til Kommunal- og distriktsdepartementet fått ei likelydande føring om å arbeide vidare med fleire forslag til pilotar eller forsøk. Fleire av etatane arbeider også med utvikling av leiarar, tillitsbasert leiing og medverknad for dei tilsette.