Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1530 (2022-2023)
Innlevert: 27.02.2023
Sendt: 27.02.2023
Besvart: 06.03.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kva konkrete initiativ har statsråden teke innan sitt ansvarsområde kva gjeld tillitsreformen som regjeringa har varsla, og kva resultat kan statsråden vise til etter snart eit og eit halvt år i regjering?

Begrunnelse

I Hurdalsplattformen står det at: «En av regjeringens viktigste prosjekter er en tillitsreform i offentlig sektor.» Innan samferdsla er det svært mange stillinger som er knytt til det offentlege på fleire nivå. Beskriv gjerne kva initiativ som er teke på statleg nivå, og korleis ein jobbar opp mot kommunar/fylkeskommunar.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Tillitsreforma skal mellom anna ta betre i bruk erfaringa og kunnskapen blant medarbeidarar og fagmiljø i offentleg sektor. Arbeidet skal i hovudsak skje lokalt, og reforma er ikkje lagt opp slik at det frå sentralt hold skal utformast tiltak som forvaltninga på ulike nivå så blir bedt om å gjennomføre. Likevel må det frå sentralt hold leggast til rette for det lokale arbeidet. Det er sett i gang fleire tiltak innan samferdselsområdet som er i tråd med intensjonane i tillitsreforma.
Samferdselsdepartementet har over tid arbeidd for å gje underliggande etatar gode vilkår og færre rapporterings- og dokumentasjonskrav, mellom anna ved å styre på meir relevante mål og resultatkrav og ved å auke handlingsrommet ved utvida fullmakter og mindre detaljstyring. Dette arbeidet held fram. Det innførte grepet med porteføljestyring av store investeringsprosjekt på samferdselsområdet har vidare gitt fagmiljøa i etatane rom til å arbeide kontinuerleg med å optimalisere og vidareutvikle prosjektporteføljane for å få fram meir samfunnsøkonomisk lønnsame prosjekt. I mai 2022 la Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet fram sine første porteføljeprioriteringar, og innspela var eit viktig grunnlag for framlegget til statsbudsjettet for 2023.
I samferdselssektoren vil vi halde fram med å søke betre samordning på tvers av etatane i eigen sektor, og mellom denne og andre sektorar. I oktober 2022 la regjeringa fram ein handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren. Handlingsplanen er utforma i dialog med organisasjonane i arbeidslivet, og har ei rekke tiltak som skal bidra til å fremme seriøsitet i transportbransjen, likare konkurransevilkår og sørgje for at dei som arbeider i transportsektoren har arbeidsvilkår i tråd med norske standardar og verdiar. Tilsyn, kontroll og handheving er en viktig del av planen, og inneber mellom anna tiltak om samarbeid mellom ulike kontrollstyresmakter. I tråd med Hurdalsplattforma er vidare ein gjennomgang av organisering og selskapsstruktur i jernbanesektoren starta opp. Ein ekstern kartlegging av utfordringar er satt ut, i tillegg til at departementet går gjennom spørsmål knytt til styring og organisering av jernbanesektoren. Dialog med verksemdene og organisasjonane for dei tilsette er viktig i gjennomgangen, og arbeidet starta opp ved at aktørane fekk gje innspel gjennom eigne møter.
Arbeid i tillitsreforma skal i hovudsak skje etter initiativ frå lokalt hold. På samferdselsområdet er det i liten grad reguleringar og rettsbaserte ordningar som snevrar inn handlingsrommet til kommunale og fylkeskommunale styresmakter. Samstundes er god samordning og godt samarbeid mellom nasjonalt og lokalt nivå nødvendig, og vi skal vidareføre og styrkje samarbeidet med fylkeskommunane og kommunane. For eksempel er Statens vegvesen gitt i oppdrag å sikre at fylkeskommunane deltek i arbeidet med oppdatert kartlegging av etterslep av vedlikehaldet på fylkesveg og i utforming av gjennomføringsplan for ras- og skredsikring på riks- og fylkesveg. Samarbeidet mellom forvaltningsnivåa om byvekstavtaler er òg eit godt døme i så måte. Det er inngått byvekstavtaler i de fire største byområda, der fylkeskommunane og kommunane i stor grad sjølv avgjer kva for tiltak som skal prioriterast og korleis dei statlege tilskotta skal nyttast.
Eg har nyleg møtt leiinga i alle etatane under Samferdselsdepartementet, som ein del av den årlege styringsdialogen med kvar etat. Eg tok opp tillitsreforma i alle møta. I tillegg til omtale av tillitsreforma på mitt ansvarsområde, gav eg òg klart uttrykk for regjeringas forventningar til betre utnytting av dei etablerte ordningane for medverking og partssamarbeid internt i den einskilde verksemd.