Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1544 (2022-2023)
Innlevert: 01.03.2023
Sendt: 01.03.2023
Besvart: 08.03.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Karmøy kommune har sagt nei til forlenging av Haugalandspakken.
Kan samferdselsministeren då stadfesta at det ikkje blir ei forlenging av Haugalandspakken, sjølv om det frå fylkeskommunen nå blir jobba for ei forlenging utan Karmøy?

Begrunnelse

Med 34 mot 11 representantar sa Karmøy kommunestyre 13. februar nei til forlenging av Haugalandspakken. Det lokale grunnlaget for forlenging av Haugalandspakken ut 2026 er dermed ikkje til stades – då kommunane som er med i Haugalandspakken ikkje har gjort likelydande vedtak om forlenging. Til trass for dette ønskjer eit fleirtal på fylkestinget (vedtak 21. februar) at søknaden om forlenging av Haugalandspakken – utan Karmøy kommune – vert oversendt Samferdselsdepartementet for behandling.
Dei kommunane som har sagt ja til forlenging, har samtidig gjort dette med utgangspunkt i at alle kommunane skulle vera med vidare i Haugalandspakken – inkludert Karmøy. Dette kjem også klart fram av saksutgreiinga frå fylkeskommunen, som ligg til grunn for dei positive vedtaka om forlenging, der det mellom anna står at «midlene disponeres slik det går fram av saksutredningen fra Rogaland fylkeskommune».
Med Karmøy utanfor blir inntektene i den forlenga perioden vesentleg lågare enn det fylkeskommunen legg til grunn, sidan omtrent 38 prosent av inntektene i Haugalandspakken kjem frå dei fire bommane i Karmøy kommune. Fleire av kommunane var tidlegare negative til forlenging før dei fekk sjå saksutgreiinga som viser at alle kommunane får realisert prosjekt – delvis finansiert med bompengeinntekter frå Karmøy kommune. Vedtaka gjort i dei positive kommunane er dermed fatta på eit økonomisk grunnlag som ikkje stemmer med realitetane.
Dåverande samferdselsminister Hareide svarte på eit skriftleg spørsmål i februar 2020 mellom anna dette: «Samferdselsdepartementet har i brev av 2. januar 2020 bedt Statens vegvesen følge opp nye føringer for bompengefinansierte bypakker i mindre byområder som Haugalandet. Dette innebærer blant annet at kostnadsøkninger og/eller inntektssvikt i slike bypakker skal håndteres ved kutt i porteføljen, og ikke ved økte takster og/eller forlenget innkreving.» Det er interessant å vita om samferdselsministeren meiner at desse retningslinjene framleis gjeld.
Haugalandspakken fekk i ein forvaltningsrevisjon utført av Rogaland Revisjon IKS kraftig kritikk for svært svak økonomistyring, noko som mellom anna har medført at det har blitt brukt langt over 100 millionar kroner på å planlegga prosjekt som ikkje vil bli realiserte.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg er kjend med at Rogaland fylkeskommune har sett i gong lokalpolitisk handsaming av ei sak om vidareføring av innkrevjinga i Haugalandspakken i ein avgrensa periode fram til evt. ny bypakke for Haugesund er på plass, jf. svar på spørsmål 15:388 (2022-2023). Vidare er eg kjend med at Karmøy har vedteke at dei ikkje ynskjer vidareføring, men at Rogaland fylkeskommune har vedteke at dei er positiv til å søkje om vidare bompengeinnkrevjing på Haugalandet utan tiltak og bompengeinnkrevjing i Karmøy kommune dersom dei andre kommunane ynskjer det. Det er venta lokalpolitisk avklaring i midten av mars.
Eg vil ta stilling til ei eventuell mogelegheit for bompengeinnkrevjing på Hauglandet når den lokalpolitiske handsaminga er ferdig og det eventuelt ligg føre ein bompengesøknad frå Rogaland fylkeskommune. Som eg viste til i mitt førre svar til representanten om Haugalandspakken, gjeld framleis dei fastsette retningslinene for porteføljestyrte bompengepakker.