Skriftlig spørsmål fra Kathy Lie (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1547 (2022-2023)
Innlevert: 01.03.2023
Sendt: 01.03.2023
Besvart: 08.03.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kathy Lie (SV)

Spørsmål

Kathy Lie (SV): Benyttes det i dag MultifunC-institusjoner i barnevernet, eller er alle disse er avviklet, og hva har kostnadene vært knyttet til slike institusjoner i Norge, inkludert gjennomsnittlig døgnpris?

Begrunnelse

Det er en stor og pågående debatt om barnevernet, inkludert barnevernsinstitusjonene, og om kostnadene i velferdsstaten. SV er opptatt av at barn skal beskyttes og hjelpes best mulig, og at pengene vi bruker anvendes klokt og til best mulig nytte for barna. Det er også viktig å lære av historien, som ikke alltid har vært god når det gjelder ivaretakelse av barn og unge i barnevernet, spesielt der de er plassert på såkalte "atferdstiltak". Jeg ønsker derfor å vite mer om kostnadene, effekten av og innholdet knyttet til visse typer barnevernsinstitusjoner.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Multifunksjonell behandling (MultifunC) er ein av fleire metodar som nyttast på institusjonar i Norge i dag. Behandlinga rettar seg mot ungdom i alderen 14 til 18 år med alvorlege og gjerne samansette åtferdsvanskar, og som har behov for institusjonsopphald før dei kan ha nytte av heimebaserte tiltak. Behandlinga har fokus på betring av skulefungering, kontakt med positive jamnaldrande og auke/etablere kontakt med positive miljø. Familien blir involvert i behandlinga og det blir lagt vekt på trening i sosiale ferdigheiter, endring av negativ åtferd, vurderingar og tankesett, å styrkja deltaking i skule og arbeid. Sjølve behandlingsforløpet er på 10 - 12 månader den første perioden, og føregår i institusjon (ca. 6 mnd.). Deretter går behandlinga over til tett heimebasert oppfølging.
Det er to institusjonar i Bufetat som tilbyr MultifunC-behandling, ein i Bufetat region Aust og ein i Bufetat region Midt-Noreg. Samla har desse to institusjonane sju plassar. Gjennomsnittleg årlege utgifter per plass er budsjettert med 9,6 mill. kroner i 2023.
Utgiftene til institusjonane er relativt høgare enn hos andre barnevernsinstitusjonar, men dette heng mellom anna saman med at det er fleire årsverk tilknytt institusjonen, og at ein høgare del av tilsette har spesialistkompetanse.. I 2022 var det 1 394 opphaldsdøgn i MultifunC-institusjonar, som svarer til i gjennomsnitt fire barn.
MultifunC i Noreg vart evaluert i 2018. Forskarar frå UiT samanlikna effekten av MultifunC med andre eksisterande tilbod til same målgruppe på barnevernsinstitusjon. Dei konkluderte med at behandlingsmodellen ikkje er meir effektiv enn anna behandling på barnevernsinstitusjon for målgruppa, men at MulitfunC-behandling resulterte i kortare behandlingstid på institusjon, og at fleire av ungdommane hadde flytta heim eitt år etter inntak på barnevernsinstitusjonane. Direktoratet har òg kome til ein liknande konklusjon, nemleg at MultifunC ikkje nødvendigvis er føretrekt framfor andre behandlingsmetodar, men at det er ein av fleire nyttige metodar til barn og unge i denne målgruppa.
Det er òg gjennomført evalueringar av MultifunC i Sverige og Danmark. Den svenske evalueringa peikar på at behandlingsforma har like god effekt som anna behandling, sjølv om opphaldstida i institusjon er kortare, og at ungdommar etter MultifunC-behandling hadde mindre behov for institusjonsplassering og anna behandling i etterkant. I Sverige vart det berekna at gjenomsnittkostnaden per ungdom var 400 000 kroner lågare enn for tradisjonell institusjonsbehandling. Den danske evalueringa viser mellom anna effektar hos ungdommane, som redusert risiko for vidare negativ utvikling og at ungdommane har fått større sjølvforståing og tru på eigne evner. Også den danske studien konkluderer med at MultifunC kan vera kostnadseffektiv, i og med at opphaldstida er vesentleg kortare enn i andre, samanliknbare institusjonar.