Skriftlig spørsmål fra Grete Wold (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1556 (2022-2023)
Innlevert: 02.03.2023
Sendt: 02.03.2023
Besvart: 10.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Grete Wold (SV)

Spørsmål

Grete Wold (SV): Hvordan jobbes det med å kartlegge boligmuligheter, og sikre at alle flyktninger som nå bosettes i kommunene får egnet bolig?

Begrunnelse

Det har kommet mange asylsøkere til Norge siden krigen i Ukraina brøt ut, og det er gjort en formidable innsats fra både frivilligheten og kommunene for å bosette raskt. Kommunene melder at det har fungert relativt greit, og at man har klart å sikre en god start for alle som er kommet. En utfordring som er økende er behovet for egnede boliger. Så meldes det at man kan ha muligheter som ikke benyttes, slik som i Bodø der kommunen ønsker å bruke forsvarsbygg som står tomme sentralt i kommunen. Det har tatt lang tid for kommunen å få svar, og det var negativt. Begrunnelse er ikke kjent, men det avstedkommer et spørsmål om offentlige etater samarbeider om å finne løsninger på en krevende situasjon. Og det er sikkert ulike muligheter rundt i landet, slik at det kan være behov for samarbeid også på tvers av nivå og instanser.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Kommunane har i 2022 busett om lag 31 000 flyktningar. Eg er samd med stortingsrepresentant Grete Wold i at kommunane har gjort ein formidabel innsats. Vi planlegg for at det kan bli behov for å busette fleire enn i fjor. Då er det viktig at tilgangen på bustader er god, og vi følgjer denne situasjonen nøye.
Kartlegging av bustadmoglegheiter er eit viktig arbeid i denne situasjonen, kor det kjem mange nye flyktningar kvar einaste dag. Husbanken fekk 20. desember 2022 eit oppdrag om mellom anna meir kunnskap om bustadreservar. KDD fekk 1. mars oversendt ein leveranse på oppdraget. Departementet går no gjennom leveransen.
For å sikre at flyktningane får eit godt tilbod av offentlege tenester og butilbod har det allereie blitt gjort fleire tiltak. Blant annet mellombelse lovendringar og endringar i føresegner. I mai 2022 innførte vi mellombelse føresegner i plan- og bygningslova for å handtere tilstrøyminga av fordrivne ukrainarar. Det blei mellom anna gjort for å sikre tilstrekkeleg kapasitet for innkvartering, busetting, barnehage og skule. Eg er kjent med at fleire kommunar i dag først og fremst bruker beredskapsheimelen til å sikre mellombels innkvartering (asylmottak), barnehage og skular. I tillegg har vi nyleg hatt på høyring eit forslag om ei mellombels føresegn i husleigelova. Forslaget gir høve til å inngå avtale om utleige av fritidsbustad med minstetid på eitt år, i staden for minstetida på tre år som gjeld for tidfesta leigekontraktar.
Ved utleige av ein bustad er det slik at kommunen kan garantere for pliktene til den som leiger ved å bruke eit garantidokument. Vi har no oppdatert standarddokumentet for kommunal husleigegaranti som gir utleigar større tryggleik. Vi har òg sendt brev til alle kommunane med informasjon om ordninga. Meir bruk av garantidokumentet som departementet har utarbeidd kan føre til at fleire vil leige ut, fordi utleigar vil vere betre sikra dersom det oppstår utfordringar i leigeforholdet. Kommunal husleigegaranti er difor eit godt hjelpemiddel i arbeidet med å busette flyktningar.
I tillegg vil eg setje i gang fleire tiltak denne våren. Det er behov for meir og betre informasjon og rettleiing, både til kommunar og til potensielle private utleigarar om kva som er ein eigna bustad. Eg vil difor saman med arbeids- og inkluderingsministeren sørge for meir og betre informasjon og rettleiing frå mellom anna IMDi og Husbanken. Eg veit at mange kommunar har vore kreative for å skaffe nok bustader. Formidling av gode døme og kreative løysingar frå kommunane blir òg viktig i IMDi og Husbanken sitt arbeid. Eg vil òg sørge for betre informasjon og rettleiing mot potensielle private utleigarar. I dette arbeidet er Direktoratet for byggkvalitet og Husleigetvistutvalet viktige bidragsytarar.