Ingrid Fiskaa (SV): Vil næringsministeren gje Statkraft beskjed om at lokale protestar mot deira anlegg aldri skal møtast med skot, og vil ministeren sørgje for at Statkraft tek urfolks rett til informert samtykke på alvor framover?
Begrunnelse
Ifølgje Bergens Tidende 3. mars vart lokale urfolksgrupper som demonstrerte mot eit av Statkraft sine vasskraftanlegg i Chile skotne på sist veke. Blant dei skadde demonstrantane er regionaldirektør for den statlege institusjonen for menneskerettar som står i fare for å miste synet. Det har vore gjentekne protestar frå landets mapuche-folk sidan Statkraft etablerte seg i 2014 då anlegga ligg i deira område.