Liv Kari Eskeland (H): I samband med overføring av fiskerihavna i Bømlo frå Vestland Fylkeskommune til Kystverket 01.01.23, vart det lova at Kystverket skal betale tilbake forskotteringa til og med 31.12.2022 og samstundes ta over og betale sluttføring av prosjektet.
Når vil Bømlo kommune få utbetalt restbeløpet frå Kystverket, og når tek Kystverket over ansvar for dei løpande kostnader?
Begrunnelse
Ansvar for fiskerihavner vart 1.1.2020 overført frå Kystverket til fylka (dei fylka som tok denne oppgåva). Vestland Fylkeskommune tok med glede utfordringa. Bømlo kommune har, med garanti frå Vestland Fylkeskommune, forskottert bygging av molo i Bømlo Fiskerihavn. Ansvaret for fiskerihavnene vart 1.1.2023 ført attende til Kystverket, også fiskerihavna i Langevåg. I ei replikkordveksling i Stortinget, mellom Statsråd Skjæran og underteikna 20.12 22, opplyste statsråden at regjeringa ville løyse inn forskotteringa som er gjort av Bømlo kommune for å få på plass ei fiskerihavn i Langevåg. Forskotteringa av Bømlo Fiskerihavn blir betalt av fiske- og bløggebåt reiarlag i Langevåg via kommunen. Dette var ei forskottering det vart opna for då ansvaret for fiskerihavner låg hjå Vestland Fylkeskommune. Bømlo kommune har fått delvis oppgjer for kostnader i 2022. Vidare har kommunen fått varsel frå Kystverket om at kommunen framleis må forskottere kostnader som kjem i 2023.
Bømlo kommune har i 2022 forskottert kr. 63 833 476,90. Kommune har til no motteke kr 49 850 628,90 av dette beløpet frå Kystverket.
Entreprenør har/vil via Vestland fylkeskommune fakturere ytterlegare kr. 67 539 844,- i 2023.
Det betyr at det totalt står att kr 81 522 692,- å betale før forskotteringa er innløyst.