Skriftlig spørsmål fra Erlend Wiborg (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:1579 (2022-2023)
Innlevert: 06.03.2023
Sendt: 06.03.2023
Rette vedkommende: Barne- og familieministeren
Besvart: 13.03.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Erlend Wiborg (FrP)

Spørsmål

Erlend Wiborg (FrP): Hva har regjeringen foretatt seg for at "dommer" i utlandet som åpenbart er urimelige etter norske regler og prinsipper legges til grunn for vedtak i NAV?

Begrunnelse

Viser til mitt spørsmål Dokument nr. 15:21 (2021-2022) der finansministeren varslet at regjeringen ville se på denne problemstillingen. Dette er en stund siden, så jeg ber derfor om å få en status på hva regjeringen har foretatt seg.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Med verknad frå 1. januar 2023, er det eg som no er den ansvarlege statsråden for dette området. Det er derfor eg som svarar på spørsmålet frå representanten.
Eg vil innleiingsvis gje uttrykk for at eg ser at det i einskilde tilfelle kan verke uheldig at norske myndigheiter på grunn av konvensjonsforpliktingar må leggje til grunn ein utanlandsk dom som etter norske reglar og prinsipp kan verke urimeleg. Arbeidet med å sjå på denne problemstillinga har tatt tid, men eg er i gang med å sjå nærare på kva høve som finst til å handle innanfor rammene av Haag-konvensjonen. Med dette som utgangspunkt vil eg mellom anna vurdere kva for tiltak som kan gjerast for å unngå uheldige utslag, og som samstundes tek vare på rettstryggleiken til den einskilde. Dette arbeidet vil nødvendigvis ta noko tid, og det er følgjeleg for tidleg å seie noko om kva for justeringar som eventuelt kan vere aktuelle.