Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1590 (2022-2023)
Innlevert: 06.03.2023
Sendt: 07.03.2023
Rette vedkommende: Helse- og omsorgsministeren
Besvart: 10.03.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Klimaendring, forureining og naturtap er faktorar som endrar livsmiljøet vårt på ein måte som truleg vil få store konsekvensar for folkehelsa både på kort og lang sikt.
Kva gjer regjeringa for at vi skal ha næringsuavhengige kompetansemiljø som fylgjer utviklinga over tid, og som kan gi råd til kommunane og delta i internasjonalt samarbeid om klima- og miljørelatert folkehelsearbeid?

Begrunnelse

Klima og miljørelaterte truslar mot folkehelsa er eit tema som opptek svært mange, og som har stor merksemd internasjonalt. I tidsskriftet Nature stod det nyleg ein artikkel som konkluderer med at dei mest kjende sjukdomsframkallande organismane blir meir smittsame eller fører til meir alvorleg sjukdom på grunn av klimaendringane. I sin rapport frå 2019 slo FNs naturpanel (IPBES) fast at avskoging, urbanisering og ekspansjon av landbruksområder er medverkande årsak til 30 % av utbrot av nye infeksjonssjukdomar.
Kommunane har eit ansvar for både forureiningslova og folkehelselova, men har ofte ikkje kompetansen som skal til for å handtere dei mange problemstillingane som kjem som fylgje av endra klima og miljø. Difor er det viktig å ha eit nasjonalt fagmiljø med ansvar og ressursar til å gi råd til kommunar og fylker i folkehelsearbeidet. Det er viktig å ha eit uavhengig nasjonalt fagmiljø som kan fylgje opp forsking og problemstillingar knytt til miljøgifter som ikkje store næringsaktørar er interesserte i å ta tak i. Eit eksempel på dette er PFAS – stoff som vert brukt i svært mange ulike sektorar, i overflatebehandling på alt frå ytterklede til vindturbinblad. Det trengst både reguleringar og meir kunnskap om miljøgifter, konsekvensane og mengdene som vert tilført miljøet. Området “ei helse” som handlar om samanhengane mellom menneske og dyr si helse og tilstanden i miljøet som alt liv deler, er eit anna felt som er viktig i folkehelsearbeidet. Det er teikn som tyder på at klima og miljøendringane gjer at vi får større og andre helseproblem enn før som må handterast.
Folkehelsearbeid på klima og miljøområdet handlar både om fagleg beredskap i akutte situasjonar, å fylgje med på lange tidsliner i utviklinga og ta initiativ til tiltak. Dette kan vere både nasjonale og internasjonale initiativ. COP26 helseprogrammet (HP) og WHO – EURO er døme på internasjonale avtaler og fora der Norge har forplikta seg på å delta, og der det trengst å setjast av ressursar til å gjere arbeidet på ein god måte. Mange saker må løysast saman med andre land og men det er samtidig viktig å eit norsk fagmiljø som kjenner norske forhold og i slike samarbeidsprosjekt.

Ingvild Kjerkol (A)

Svar

Ingvild Kjerkol: Eg har fått oversendt spørsmålet frå stortingsrepresentant Kjerstad frå klima- og miljøministeren då folkehelse er mitt ansvarsområde. På same måte som det generelle folkehelsearbeidet, er klimaendringane ei utfordring som omfattar alle sektorar og kor alle sektorar må bidra.
Samanhengen mellom klima og helse blir stadig tydelegare og blei seinast stadfesta i den siste rapporten frå FNs klimapanel. Globalt er det venta over 9 millionar klimarelaterte dødsfall kvart år innan utgangen av dette hundreåret dersom klimagassutsleppa ikkje går ned (Miljødirektoratet, 2022). I følje Verdshelseorganisasjonen er klimaendringar den største trusselen mot folkehelsa globalt, men klimaendringane er også ein trussel mot folkehelsa nasjonalt.
Klimaendringane kan påverka både den psykiske og fysiske helsa. Endringar i klima, miljø og natur kan gi luftvegsinfeksjonar, hjarte- og karsjukdom, allergi, skadar og i verste fall død, mellom anna knytt til ekstreme vêrhendingar. Endringar i førekomst og utbreiing av smittsame sjukdommar kan òg oppstå som følje av klimaendringar. Matproduksjonen og mattryggleiken kan bli påverka gjennom reduserte og mindre stabile avlingar, svakare og meir uviss produktivitetsutvikling og auka førekomst av skadegjerarar og sjukdommar i planteproduksjon og husdyrhald. Klimaendringar kan også påverke vassforsyninga både med tanke på tørke og styrtregn, flaum og ras. Klimaendringane påverkar samfunn og ulike grupper i befolkninga ulikt, og vil ramme dei med låg sosioøkonomisk status og born hardast. Dei pågåande krisene og den geopolitiske uroa, bidreg til å forsterke effekten av klimaendringane. Desse forholda vert grundig behandla i Folkehelsemeldinga, som regjeringa legg fram for Stortinget våren 2023.
Eg er samd med stortingsrepresentant Kjerstad i at det er viktig med eit uavhengig nasjonalt fagmiljø som føljer utviklinga knytt til effekten av klimaendringane, og som kan gje råd til kommunane og delta i internasjonale fora der klima- og miljørelatert folkehelsearbeid vert diskutert. Vi treng meir kunnskap om effektane av klimaendringar, korleis dei vil ramme ulike område, befolkningsgrupper og individ, og kva som er effektive tiltak for å redusere effekten av desse.
Folkehelseinstituttet (FHI) har i sin strategi fram mot 2024 meisla ut ei retning som gjer dei godt egne til å være den uavhengige og faglege kunnskapsinstitusjonen Kjerstad etterlyser. Dei har ei fagleg breidde, og kunnskap om årsaker, risiko, helseeffektar og tiltak, som gjer at dei kan ha ei heilskapleg tilnærming til klimaendringane og effekten av desse. I samband med oppfølging av COP26 helseprogram, har FHI fått i oppdrag å utarbeide ein nasjonal analyse av sårbarheit og skissere behova den statlege og kommunale helse- og omsorgstenesta har for klimatilpassing. Tilsvarande har Helsedirektoratet fått i oppdrag å gjere ei utvida evaluering av status for klimagassutslepp, både i spesialisthelsetenesta og i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Oppdraga skal leverast til Helse- og omsorgsdepartementet i mars i år. Departementet vil nytte denne kunnskapen i det vidare arbeidet med oppfølging av COP26 helseprogram og etablere eit vegkart for ein berekraftig helsesektor med låge utslepp innan 2050.
To andre sentrale problemstillingar for å fremje god folkehelse i åra framover handlar om å etablere berekraftige og klimatilpassa matsystem og meir robust drikkevassforsyning. Mattilsynet har som si oppgåve å sikre trygg mat og trygt drikkevatn og fremje folkehelse. Mattilsynet nyttar i hovudsak Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) når det er behov for å gjere risikovurderingar. VKM er oppretta for å gjere uavhengige, vitskaplege og tverrfaglege risikovurderingar for Mattilsynet og Miljødirektoratet.
Eg kjenner meg trygg på at vi har gode fagmiljø som kan følje utviklinga innanfor klima, miljøpåverknader og folkehelse tett, gi råd til styresmaktene og rettleie kommunar i arbeidet med dei folkehelseutfordringane som kjem som fylgje av endra klima og miljø.