Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1627 (2022-2023)
Innlevert: 10.03.2023
Sendt: 10.03.2023
Besvart: 17.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Når kan Vestland fylkeskommune forvente svar på søknaden og kva er det årlege bidraget i ferjeavløysingsordningen no i lys av gratis ferjer?

Begrunnelse

Atløysambandet er eit viktig ferjeavløysingsprosjekt i Askvoll kommune. Vestland fylkeskommune søkte ferjeavløysingsmidlar i juni 2022 og ynskjer snarleg oppstart. Sidan ferjene no er gratis i slike samband vil verdien av ferjeavløysinga gå opp slik at bidraget til Atløysambandet auker.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Regjeringa ønskjer å legge til rette for at folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile Noreg, både i bygd og by. Ferjeavløysingsordninga legg til rette for at det kan bli bygd fleire bruer og undersjøiske tunnelar langs kysten, og dermed gjere det enklare for folk og næringsliv der. Ferjeavløysingsordninga er allereie ei svært god ordning, som inneber at fylkeskommunar får behalde midlane som ferja utløyser i rammetilskot, når det blir bygd eit vegsamband i staden. Sidan ferjeavløysingsordninga for fylkeskommunane blei innført i 2016 har ordninga blitt utvida fleire gongar.
Det er òg viktig for regjeringa å redusere ferjekostnadene for folk. Rammetilskotet til fylkeskommunane har dei siste åra blitt auka fleire gongar for å kompensere for gratis ferje og reduserte ferjetakstar. Det er lagt til rette for at ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg kan vere gratis, og frå 16. august 2023 kan også ferjesamband til øyar og veglause samfunn gjerast gratis. Det vil gjere reisekvardagen billegare for mange folk rundt om i landet.
Ifølgje retningslinene for ferjeavløysingsordninga blir det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar bestemt ut ifrå beløpet som eit ferjesamband utløyser gjennom ferjekriteriet i utgiftsutjamninga i rammetilskotet til fylkeskommunane. Midlar til gratis ferje er ikkje inkludert i ferjekriteriet, men blir gitt som ei særskild fordeling utanfor utgiftsutjamninga. Desse midlane er difor i utgangspunktet ikkje med i berekninga av ferjeavløysingsmidlar. Sidan ferjeavløysingsprosjekt bind opp større midlar over lang tid, og dessutan blir finansiert innanfor det samla rammetilskotet til fylkeskommunane, vil regjeringa gjere ei grundig handsaming av om og eventuelt korleis midlar til gratis ferje kan innlemmast i ferjeavløysingsordninga. Regjeringa tar sikte på å kome attende til saka i kommuneproposisjonen for 2024.
Vestland fylkeskommune vil få svar på søknaden om Atløysambandet når dette er avklart.