Skriftlig spørsmål fra Aleksander Stokkebø (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1629 (2022-2023)
Innlevert: 10.03.2023
Sendt: 10.03.2023
Besvart: 17.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Aleksander Stokkebø (H)

Spørsmål

Aleksander Stokkebø (H): Hvilke statlige virksomheter er etablert i de ulike fylkene, hvor mange årsverk har de i det aktuelle fylket, ble de aktuelle virksomhetene etablert der fra start eller ble de flyttet etter etablering, og hvilket årstall skjedde eventuell etablering/flytting?

Begrunnelse

Det er viktig at staten tar i bruk den fantastiske kompetansen i hele landet, ikke bare i hovedstaden. Det er utvilsomt viktig å holde trykket oppe på nyetablering og utflytting av statlige arbeidsplasser til de øvrige storbyregionene og distriktene.
Jeg ber i denne sammenheng om at departementet - etter beste evne - gir en oversikt over statlige virksomheter som er etablert i de ulike fylkene, herunder antall årsverk i det aktuelle fylket, hvorvidt virksomheten ble etablert der fra start eller om den ble flyttet etter etablering (samt hvilket årstall eventuell etablering/flytting skjedde).

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon er eit sentralt verktøy for å ivareta statlege lokaliseringspolitiske mål. Retningslinjene skal mellom anna medverke til å styrke lokale fagmiljø og sikre god tilgang til statlege tenester i alle delar av landet. Staten er i stor grad er lokalisert i sentrale område, og sidan 2013 har sentraliseringa auka. Dei minst sentrale kommunane har fått vesentleg færre statlege sysselsette, medan veksten har vore sterkast i dei meir sentrale kommunane. Regjeringa er oppteken av at arbeidsmarknader også utanfor dei største byane blir vurdert når nye verksemder eller verksemder i endring skal lokaliserast.
Det er den einskilde fagstatsråd som har ansvar for at ei lokaliseringssak i underliggande etat er greia ut i tråd med retningslinjene, og for å vurdere viktige omsyn til sektoren opp mot lokaliseringspolitiske mål. Han eller ho har og ansvar for avgjerda i saka. KDD sitt ansvar er å rettleie departementa i lokaliseringssaker, og sjå til at retningslinjene er følgde på ein god måte. Saker som gjeld oppretting av nye verksemder og større strukturendringar skal leggjast føre regjeringa.
Departementet har ført oversikt over avgjerder etter retningslinjene tilbake til 2001 (vedlagt). Oversikta viser regjeringsperiode for avgjerda, kva verksemd det gjeld, kor mange arbeidsplassar som er oppretta og/ eller kor arbeidsplassar er endra/flytta ut, og kor desse har hamna. Dette er ikkje eit fullt oversyn over alle etableringar og flyttingar i statleg sektor. Det er til dømes berre om lag 30 prosent av statlege arbeidsplassar som er omfatta av retningslinjene. Eg gjer og merksam på at desse tala er omtrentlege, og eit overslag som bygger på informasjon frå sektordepartementa på tidspunktet avgjera blei treffen. Tala inneheld og informasjon om arbeidsplassar som er avgjort skal flyttast over noko tid. Det faktiske talet på arbeidsplassar i den einskilde sak kan difor avvike frå oversikten.
Om ein legg oversikten til grunn har skiftande regjeringar i perioden sida 2001 avgjort lokalisering og etablering av ny verksemd av om lag 4380 statlege arbeidsplassar i tråd med retningslinjene. Desse arbeidsplassane har i stor grad blitt lagt til store og middels store byar. Dette er ein av årsakene til at Sp og Ap i regjering er oppteken av at arbeidsmarknader også utanfor dei største byane blir vurdert når nye verksemder eller verksemder i endring skal lokaliserast.