Skriftlig spørsmål fra Sofie Høgestøl (V) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1633 (2022-2023)
Innlevert: 10.03.2023
Sendt: 13.03.2023
Besvart: 21.03.2023 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

Sofie Høgestøl (V)

Spørsmål

Sofie Høgestøl (V): Bedriften Kverneland planlegger ifølge Stavanger Aftenblad å ta opp igjen eksport av ploger og andre industriprodukter til Russland, etter å ha stoppet denne eksporten høsten 2022 i kjølvannet av Russland sin fullskala invasjon av Ukraina.
Mener utenriksministeren at denne praksisen er i tråd med norsk sanksjonspolitikk overfor Russland, og hva slags dialog har det evt. vært mellom styresmaktene og bedriften i forkant av beslutningen om å åpne eksporten til Russland igjen?

Anniken Huitfeldt (A)

Svar

Anniken Huitfeldt: Russland har vore underlagt historisk strenge sanksjonar sidan deira folkerettsstridige angrep på Ukraina 24. februar 2022. Russland har samstundes vore underlagt sanksjonar sidan 2014. Noreg har slutta opp om og fortlaupande gjennomført EU sine restriktive tiltak mot Russland i norsk rett. Følgjeleg vil ein kvar eksport i strid med regelverket vera straffbar etter sanksjonsloven.
Regjeringa har vore tydelege på at handel med Russland vert stadig vanskelegare. Endringar i sanksjonsregelverket skjer hyppig. Risikoen er høg. Handlingsrommet vert mindre og mindre.
Norske eksportørar har ansvar for å sette seg inn i dei til ei kvar tid gjeldande restriksjonar for handel med Russland. Eksportørar må gjere eigne vurderingar opp mot regelverket, men kan få rettleiing hjå Utanriksdepartementet. Rettleiinga er samstundes ikkje rettsleg bindande førehandsutsegn eller enkeltvedtak. Det er norske påtalemyndigheiter og domstolar som i siste instans tolkar forskrifta.
Eg meiner det er naturleg at norske verksemder også gjer sjølvstendige vurderingar av omsyn til eige omdømme, men Utanriksdepartementet rettleier samstundes ikkje om omdømme for norsk næringsliv ved lovleg eksport. Vurderingar knytt til omdømme ved fortsatt handel med Russland er opp til kvar einskild verksemd.
Einskildsaker vil ofte innehalde opplysningar underlagt teieplikt. Eg ønskjer difor ikkje å kommentere detaljar om slike saker.
Utanriksdepartementet er også tett koordinert med Tolletaten. Samarbeidet er viktig for å sikre etterleving av sanksjonsregelverket.