Liv Kari Eskeland (H): Det hastar med å få ei avklaring for flyruta Stord–Oslo. Ei midlertidig ordning med 8 rotasjonar er no på plass. Frå og med 20. mars aukar DAT frekvensen på ruta frå 5 til 8 rotasjonar pr. veke. Ordninga gjeld fram til og med 31. mai d.å. Likevel er det naudsynt med 12 rotasjonar og gode rutetider for å få ei tenleg rute for regionen.
Vil departementet bidra til å få dette på plass inntil avklaring om FOT-rute for sambandet endeleg er på plass?
Begrunnelse
Med økonomisk støtte frå eigarane, Stord kommune og Vestland fylkeskommune vart flyruta Stord-Oslo lyst ut på eit anbod gjeldande for 3 månadar. Flyselskapet DAT var einaste tilbydar. Primært ønskte Stord lufthamn seg ein ruteplan basert på 12 rotasjonar pr. veke. Utfrå dei økonomiske midlane dei hadde til disposisjon let dette seg ikkje gjennomføra.
Etter forhandlingar med DAT har dei vorte samde om ein ny ruteplan, der dei aukar frå 5 rotasjonar i veka til 8 rotasjonar. I ruteplanen har dei fokusert på å få eit best mogleg tilbod til dei reisande. Rutetidene er ikkje heilt optimale då dei må dela fly med Florø og Ørlandet.
Det hastar difor med å få på plass dei endelege avklaringane frå departementet, då dette er den einaste måten ein kan sikre eit godt og føreseieleg tilbod for ruta Stord – Oslo.