Ingrid Fiskaa (SV): Ifølgje VG vart ein norsk ahmadiyya-muslim drepen den 19. februar i Pakistan på grunnlag av si tru. Ahmadiyyaane er ein minoritet som vert sterkt diskriminert fleire stader i verda.
Kva vil utanriksministeren gjere for at pakistanske styresmakter skal sikre menneskerettane generelt og verne om ahmadiyya-minoriteten spesielt?
Begrunnelse
Ifølgje VG vart norsk-pakistanaren Rasheed Ahmad (75) skoten og drepen i landsbyen Goteriala i Pakistan den 19. februar. Ahmad tilhøyrde den muslimske minoriteten ahmadiyya og lokalt politi meiner han vart drepen på grunn av si tru. Ahmadiyyaane vert diskriminerte i ei rekkje land. Tidlegare i år vart 11 ahmadiyya-muslimar drepne i Burkina Faso og valden og hetsen mot minoriteten har auka i Pakistan.
Ahmad var norsk statsborgar og ifølgje VG har Utanriksdepartementet bekrefta dødsfallet. Det bur 1200 Ahmadiyya-muslimar i Noreg, dei fleste med pakistansk opphav.
I 2021 uttrykte FNs menneskerettsekspertar bekymring over manglande internasjonal merksemd rundt dei alvorlege menneskerettsbrota mot ahmadiyya-minoriteten.