Alfred Jens Bjørlo (V): Kva vil statsråden gjere for å sikre likebehandling av flyplassane i Sogn og Fjordane, slik at ikkje Florø blir negativt forskjellsbehandla og kjem dårleg ut?
Begrunnelse
I ei pressemelding 15.3.23 skriv samferdsleministeren m.a. «- Dei regionale flyrutene er ein viktig del av samferdselstilbodet i distrikta. Derfor har regjeringa vedteke å styrke rutetilbodet og redusere billettprisane i dei komande FOT-utlysingane med avtaleoppstart i 2024.»
Dette er godt nytt for Bringeland, Anda og Haukåsen lufthamner. Regjeringa synast imidlertid å ha gløymt rutetilbodet frå Florø lufthamn, noko som er svært uheldig spesielt for næringslivet på kysten.
«Florø lufthamn og dei reisande frå Florø blir den store taparen i nytt regjeringsforslag»
skriv lokalavisa Firdaposten om saka 15.3.23. Ordførar i vertskommunen for Florø lufthamn, Ola Teigen (Ap), seier det slik til avisa:
"Eg er fly forbanna. (..) Vi vil oppleve det motsette av flyplassane kring oss. Redusert rutetilbod og dyrare prisar. Uhøyrd,"
Det har lenge vore eit lokalt krav om at både Florø-Oslo og Florø-Bergen vert FOT-ruter.