Alfred Jens Bjørlo (V): Over 42 000 ukrainarar har til no søkt asyl i Noreg. Fleire av desse har arbeidd i helse- og omsorgsyrke i heimlandet, og har helsefagleg utdanning.
Er statsråden i gang med eit arbeid for å etablere eit hurtigspor for ukrainske flyktningar med helsefagleg bakgrunn, slik at dei kan kome raskt i arbeid på norske sjukehus og i kommuner?
Begrunnelse
Helsepersonellkommisjonen peikar på at det har vorte eit merkbart større press på personellet i helse- og omsorgstenestene dei seinaste åra, og at tilgang på tilstrekkeleg personell er ei stor samfunnsutfordring. Det er mellom anna stor mangel på helsearbeidarar både i norske sjukehus og kommunar. Derfor bør det vera mogleg å oppretta eit eige program for ukrainske helsearbeidarar, og vurdera eit tilpassa kurs i tilknyting til introduksjonsprogrammet for å kunna tilby praksisplassar så raskt som mogleg, og gjerne i tilknyting til eit sjukehus eller større sjukeheim. Det vil vera naturleg å hausta erfaring med ei slik ordning i eit pilotprosjekt i fleire kommunar.