Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1782 (2022-2023)
Innlevert: 23.03.2023
Sendt: 23.03.2023
Besvart: 31.03.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kva planleggingsmidlar framvist i kr og personalresursar framvist i ant personar, som Statens vegvesen region midt har forbrukt til prosjekt i Møre og Romsdal sidan 2011 og fram til i dag, fordelt pr år og pr prosjekt?

Begrunnelse

E-136 har vore prioritert på topp i Møre og Romsdal fylke i svært mange år. Dette prosjektet har også vore inne i fleire NTP prioriteringar, men har av ein eller anna grunn ikkje blitt gjennomført verken planlagt eller prosjektert av Statens vegvesen region midt.
Eg har ved fleire høver tidligare påpeika dette forholdet, og det er svært spesielt at det prosjektet som har vore prioritert på topp i fleire tiår, ikkje er kome lengre i planlegging og prosjektering en det som er fakta pr i dag.
No har Nye veier as fått denne strekninga i sin portefølje, og er godt igang med planlegging av fleire områder på E-136.
Likevel er det grunnlag for å sjå nærare på kva som faktisk har skjedd ang planlegging av prioriterte prosjekt i Statens vegvesen sin regi i Møre og Romsdal. Det kan ikkje være slik at Stortinget vedtek prioriteringar av prosjekt i NTP, medan Statens vegvesen region midt opptrer som ein "stat i staten" og gjer støtt det dei vil på eigen hand.
Prosjektet på E-39 ferjefri kryssing og Møreaksen har blitt prioritert på topp av Statens vegvesen region midt, sjølv om dette prosjektet har vore prioritert lågare enn E-136. Det kan sjå ut til at både planleggingsmidlane og personlege resursar innan Statens vegvesen region midt, har blitt flytta frå E-136 til Møreaksen i svært lang tid. Kven som har hatt myndigheita til dette og såleis har ansvaret for dette vil også være av stor interesse å kunne få brakt til overflata. Det må faktisk være slik at dei prosjekt som dei folkevalgte har prioritert på topp er også det som blir prioritert av Statens vegvesen som ikkje er i posisjon til å styre dette på eiga hand.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Stortingsrepresentant Sve ber om informasjon om planleggingsmidlar og personalressursar brukt til prosjekt i Møre og Romsdal dei siste 12 åra, fordelt pr. år og pr. prosjekt. Dei siste 12 åra har etaten gått gjennom mange organisatoriske endringar, ikkje minst som følgje av regionreform. For eksempel er det slik at eininga Statens vegvesen region midt, som stortingsrepresentanten stadig viser til i spørsmåla sine, ikkje eksisterer lenger. Å skaffe data for å generere ei oversikt over planleggingsmidlar på prosjekt i fylket dei siste 12 åra er i sum så omfattande arbeid at vi ikkje kan klare det, gitt fristen frå Stortinget. Når det gjeld data for personalressursar involverte i planlegging av prosjekt i fylket i desse åra er det heller ikkje mogleg å skaffe desse grunna nye datasystema i Statens vegvesen. Følgjeleg vil heller ikkje denne delen av spørsmålet bli svart på.