Skriftlig spørsmål fra Freddy André Øvstegård (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1794 (2022-2023)
Innlevert: 23.03.2023
Sendt: 24.03.2023
Besvart: 29.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Freddy André Øvstegård (SV)

Spørsmål

Freddy André Øvstegård (SV): I følge nye oppslag i Dagbladet har Samhällsbyggnadsbolagens (SBB) arvet flere svært gunstige Husbanklån som i sin tid gitt til å oppnå full barnehagedekning, samtidig som det er gjort flere endringer på eierskapssiden i selskapet, uten at långiveren ble informert. Husbanken uttaler at de vil vurdere eventuelle konsekvenser.
Kan jeg be statsråden om å redegjøre for Stortinget om saken, samt å svare på hvorvidt statsråden mener lånene bør oppheves når betingelsene får lånene som er gitt, er endret?

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Lån frå Husbanken skal bidra til å nå politiske mål som elles ikkje ville blitt nådde. Husbanken skal supplere og ikkje konkurrere med andre bankar. Husbanklån til barnehagar blei gitt for å nå det politiske målet om full barnehagedekning. I dag gir ikkje Husbanken lenger nye lån til finansiering av barnehagar. Som hovudregel overdrar dei heller ikkje lån til ny eigar ved sal av barnehagar. Når spesielle omsyn tilseier det, kan dei gjere unntak. Ny låntakar må da oppfylle dei same krava som blei stilte til opprinneleg låntakar og gjeldande reglar. Husbanklåna Dagbladet omtaler 13. mars gjeld fem barnehagar som blei bygde for nærare 15 år sidan av andre eigarar i Espira-kjeda. I 2015 blei barnehagane kjøpt av det svenske eigendomsselskapet Hemfosa AB. Dette selskapet blei fire år seinare kjøpt av Samhällsbyggnadsbolagen. Husbanken godkjente i 2016 overdraging av låna til ny eigar ut frå gjeldande reglar. Med dagens reglar ville overdraginga ikkje blitt godkjent. I dag må ny eigar òg drive barnehagen for at Husbanken skal kunne overdra lånet. Slik var det ikkje tidlegare. På generell basis vil eg ikkje instruere Husbanken i handsaminga av enkeltlån, og Husbanken kan heller ikkje seie opp eit lån utan vesentlege brot på låneavtalen.