Birgit Oline Kjerstad (SV): Vindkraftverk vert oftast plassert i naturområde som også er tilsigsområder for vassdrag og drikkevatn.
Turbinar er utsette for erosjon og slitasje, men blir det stilt krav om dokumentasjon av innhaldet i overflatebehandlinga, kva denne kan innehalde, og vil det i nye konsesjonshandsaminger bli stilt krav om ROS analyser for å vurdere risiko for drikkevatn og miljø, samt stilt krav til beredskap for forureining og kostnadsdekking i samband med utslepp?
Begrunnelse
Vindkraftverk vart i si tid gitt fritak frå utarbeiding av reguleringsplan etter plan og bygninglova under føresetnad av at den alternative prosessen med utarbeiding av detaljplan med godkjenning av NVE sitt miljøtilsyn skulle vere like god. Kommunene vart sett på sidelinja i planprosessen og alt ansvar overlate til NVE. Frå 1 januar 2020 fekk kommunene ansvar for forureiningslova. Siste året har det vore fleire hendinger med større lekkasjer av olje og kjølevæske frå vindturbiner. Desse hendingane syner at oppsamlingssystemet som turbinprodusentane meiner sikrar mot utslepp, ikkje er ei gode nok. Kystverket som har ei rolle med å handtere større akutte utslepp av olje har stilt spørsmål ved korleis slike hendingar skal handterast når dei skjer. I tillegg til fare for oljesøl er "leading edge erosion" eit kjent problem i vindkraftbransjen. Dei enorme vindturbinvingane er utsette for slitasje som både går ut over produksjonen og fører til utslepp av mikroplast og kjemiske substansar frå overflata av turbinane som ofte inneheld PEFAS stoff som Norge no foreslår å forby. Mange er urolege for at miljøstyresmaktene fylgjer for dårleg med i kva forureiningsfare som fylgjer med vindindustrianlegga, at det vert ført for dårleg kontroll og stilt for svake miljøkrav til dei store industrianlegga plassert i norsk natur, på stader der det kan vere svært krevjande for kommunen eller andre med ansvar for forureining å ha tilstrekkeleg beredskap for hendingar med brann og utslepp.