Birgit Oline Kjerstad (SV): Miljødirektoratet er blitt bedt om å utrgreie eit system for flytende biodrivstoff utover omsetningskravet. Eit slikt system er avgjerende for å realisere raske utsleppskutt i bygg, anlegg og transportsektoren. Miljødirektoratet har imidlertid i sitt svar ikkje foreslått noko system, men i staden konkludert med at en forskriftsfesting av rapportering er juridisk vanskeleg.
Vil klima- og miljøministeren be om at Miljødirektoratet gjer eit nytt forsøk på å svare på oppgåva, slik at ei løysing kan settast i verk snarest?
Begrunnelse
Samfunnet står framfor ei formidabel omstilling. Innan 2030 skal minst 55 prosent av Norske klimagassutslepp kuttast. Skal vi klare dette må vi ha folk med oss. Vi må ha verksemder, leiarar , offentleg sektor og statlege foretak med oss. Vi må gjere det mogleg for alle som vil kutte utslipp å bidra. Fleire entreprenørar, statlege foretak, kommuner og verksemder har sett seg klimamål som er avhengige av bruk av biodrivstoff.
Det er difor avgjerande å få på plass eit rapporteringssystem for biodrivstoff utover omsetningskravet, slik at det vert enkelt å rekne ut realiserte utsleppskutt. Dette handlar om at dei som har satt seg ambisiøse klimamål, men som i dag ikkje kan elektrifisere all sin maskinpark eller all sin tungtransport, likevel kan nå måla ved å bruke biodrivstoff der det er den einaste tilgjengelige løysinga. Bruk av biodrivstoff vil for mange av desse kunne framskunde teknologiskiftet grunnet av den høge prisen på drivstoff.
Det er difor positivt at Klima- og miljødepartementet har bede Miljødirektoratet om å utgreie korleis ei slik ordning kan sjå ut. Det er rart at Miljødirektoratet ikkje har svara på oppgåva, men i staden avvist den. Oppgåva var å utgreie eit rapporteringssystem for biodrivstoff utover omsetningskravet. Det har departementet ikke fått.