Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1824 (2022-2023)
Innlevert: 25.03.2023
Sendt: 27.03.2023
Besvart: 03.04.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden gjera greie for kor mange bussjåførar ein treng utdanne dei komande åra for å møte dei forventa krava til vekst i kollektivtrafikken, samt gjera greie for om det er samsvar mellom behov, tal studieplassar og-eller kjøreskular som tilbyr slik utdanning?

Begrunnelse

Det har lenge vore peika på ubalansen mellom behov for buss- og tungbilsjåfører, og tilgjengelege sjåførar på arbeidsmarknaden. Dels har dette ei bakenforliggande utfordring med rekruttering til tungbil-sjåførlærarar, og dels er det vanskeleg å få unge til å velje ei slik utdanning.
Samstundes seier tal frå utdanning.no at under 50% av dei som tek ei slik utdanning faktisk er i jobb som tungbil eller bussjåførar. https://utdanning.no/yrker/beskrivelse/bussjafor
Vi står med andre ord framom utfordringar som må løysast for heile samfunnet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det er aukande sjåførmangel i Europa. I «Sjåførundersøkelsen 2021» blant Norges Lastebiler-Forbunds medlemsbedrifter, blei det rapportert om 1600 ubesatte stillingar som følge av rekrutteringsvanskar. Også innanfor persontransport er det utfordringar knytt til rekruttering av sjåførar.
Urbanet Analyse publiserte i januar 2017 ein nasjonal undersøking utført for NHO Transport, som viste at det er behov for 1000 nye bussjåførar årleg fram til 2030.
Samferdselsdepartementet har ikkje anna eller meir oppdatert oversikt over kor mange bussjåførar ein treng dei kommande åra for å møte ei forventa auke i kollektivtrafikken.
Aukande transportbehov gir utfordringar med å rekruttere nok sjåførar både innanfor gods- og kollektivtransport. Det kan være mange grunnar til dette, mellom anna at unge ikkje opplever yrket som tungbilsjåfør som attraktivt nok. I undersøkinga frå 2017 blir tiltak for auka rekruttering peika på som det viktigaste for tilstrekkeleg tilgang på bussjåførar.
Næringa har ei viktig rolle for å auke rekrutteringa. Mange næringsaktørar gjer dette allereie, mellom anna gjennom kampanjar som «Bli yrkessjåfør» m.m. I fleire fylker kor NAV arrangerer yrkessjåføropplæring, samarbeider kursarrangørane med Norges Lastebileier-Forbund for å sikre relevant praksisplass og formidling til ordinært lønna arbeid. Det er og liknande samarbeid med NAV på persontransportområdet.
Vidare er sjåføryrket i dag mannsdominert og auka rekruttering av kvinner vil vere positivt. Mange aktørar ser på tiltak for å utjamne kjønnsforskjellane.
Regjeringa har lagt frem ein handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren. Tiltaka i planen skal bidra til ein meir seriøs bransje, med betre regulerte rammer for arbeidet. Dette kan i seg sjølv bidra til å gjere sjåføryrket meir attraktivt.
Tilstrekkeleg tilgang til opplæring er og viktig for dei som ønsker å bli sjåfør, og kan påverke rekrutteringa. Det har blitt hevda at fleire trafikklærarar på tunge køyretøy kan være eit bidrag for å sikre rekrutteringa til sjåføryrket. Med dette som bakgrunn er det eit tett samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, Samferdsledepartementet, utdanningsinstitusjonane for trafikklærarar og Statens vegvesen for å styrke rekrutteringa til trafikklærarutdanninga.
Regjeringa har sørga for å auke talet på studieplassar og gjort det enklare for søkarar med realkompetanse å komme inn på studiet. Nord universitet tok hausten 2022 inn 25 ekstra studentar, som ein ventar skal fullføre utdanning til tunge førarkortklassar. I tillegg planlegg OsloMet ei faglærarutdanning som først og fremst skal bidra til fleire tungbil-lærarar til dei fylkeskommunale landslinene for yrkessjåførar. Over litt tid vil desse tiltaka styrke utdanningskapasiteten for trafikklærarar.
Eg viser og til svarbrev 30. mars 2023 frå forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe på spørsmål 1799 (2022-2023) frå stortingsrepresentant Kari-Anne Jønnes.