Alfred Jens Bjørlo (V): Vil forsvarsministeren sørge for at Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI) får vidare finansiering av arbeidet med å kartlegge dumpingplassar for militær ammunisjon i norske fjordar, og at det blir gjennomført nærare undersøking og risikovurdering av dei store mengdene ammunisjon som er påvist dumpa i Osterfjorden i Vestland fylke?
Begrunnelse
Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI) har dei siste åra gjennomført eit stort prosjekt med å få oversikt over gamle, ukjende dumpingplassar for ammunisjon i sjøen langs norskekysten. Eitt av funna som er gjort av store mengder dumpa ammunisjon frå andre verdskrigen og framover, er i Osterfjorden i Vestland fylke.
I følgje avisa Nordhordland seier FFI at det er sterkt ønskjeleg å få kartlagt nærare dei store mengdene ammunisjon som er påvist i Osterfjorden, og få gjort ei risikovurdering av situasjonen. Ammunisjonen kan enno ha stor sprengkraft, og innehalde miljøskadelege stoff som bly og kvikksølv.
Det er likevel uklart om dette er mulig å gjere, fordi kartleggingsprosjektet ikkje har finansiering ut over 1. halvår 2023. Tilsvarande vil det då heller ikkje vere finansiering til å halde fram kartlegging, risikovurdering og sikring av tilsvarande dumpingstader av ammunisjon andre stader langs kysten.